Gå til innhold
English A A A
Emne SOS201

Sosiologisk teori: Nyare perspektiv

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust og vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Læringsutbyte

Studentane skal gjennom emnet ha fått ein utdjupa kunnskap om nyare sosiologiske teoriar og perspektiv. Dei skal kunne gjere greie for og kritisk drøfte ulike teoretiske innfallsvinklar til sosiologiske tema som er tatt opp i emnet. Dei skal kunne bruke denne sosiologiske teorien i refleksjon over og diskusjon av aktuelle samfunnsproblem og gje ei skriftleg framstilling ut frå akademiske normkriterium. Dei skal også kunne gje relevante kommentarar til andre sine tekstar om dette.

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no

Undervisningssemester

Haust og vår

Eksamenssemester

Haust og vår

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Mål og innhald

Dette emnet gjev ei fordjuping i nyare sosiologisk teori og perspektiv. Ein går særleg inn på ulike forsøk på å overkomme dualismen mellom mikro og makro og aktør og struktur i sosiologisk teoriutvikling. Sentralt står nyare sosiologisk teori som tematiserer handling og samhandling, rolle og identitet, kjønn, modernitet, postmodernitet, globalisering, kjønn og etnisitet. Sentrale namn er mellom anna Habermas, Foucault, Giddens, Bourdieu. Målet er å gjere studentane i stand til å drøfte teoriar og perspektiv i høve til kvarandre og utvikle evne til kritisk lesing og drøfting av sosiologisk litteratur.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal gjennom emnet ha fått ein utdjupa kunnskap om nyare sosiologiske teoriar og perspektiv. Dei skal kunne gjere greie for og kritisk drøfte ulike teoretiske innfallsvinklar til sosiologiske tema som er tatt opp i emnet. Dei skal kunne bruke denne sosiologiske teorien i refleksjon over og diskusjon av aktuelle samfunnsproblem og gje ei skriftleg framstilling ut frå akademiske normkriterium. Dei skal også kunne gje relevante kommentarar til andre sine tekstar om dette.

Tilrådde forkunnskapar

SOS101 og SOS103

Undervisning og omfang

Undervisninga inneheld førelesningar og seminar. I seminara får studentane trening i munnleg drøfting av faglege problemstillingar.

20-24 timar førelesningar

Ca 20 timar seminar

Obligatoriske arbeidskrav

Ei innleveringoppgåve på 2000 ord og skriftlege kommentarar til to medstudentar sine oppgåver.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.

Vurderingsformer

6 timar skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no