Gå til innhold
English A A A
Emne SOS202

Bacheloroppgåve

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust og vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

MET102 og minst eitt av emna SOS101, SOS103 eller SOS104/105/106/108/109/110/111/112/113/114

Læringsutbyte

Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal studentane ha utvikla evne til å utforme ein sosiologisk problemstilling og eit opplegg for undersøkingar og analyse av eit eige valt tema. Dei skal ha utvikla ferdigheiter i innsamling og analyse av ulike typar empirisk og teoretisk materiale, samt i disponering og framstilling av sjølvstendig skriftleg sosiologisk arbeid. Studentane skal ha fått erfaring med munnleg formidling av eige arbeid, og utvikla praktiske ferdigheiter i bruk av kjelder og referansar og etiske normer knytt til heiderleg framferd i forskingsarbeid.

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no

Undervisningssemester

Haust og vår

Eksamenssemester

Haust og vår

Undervisningsspråk

Norsk

Mål og innhald

Hovudmålsetjinga med bacheloroppgåva er at studentane skal foreta ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei sosiologisk problemstilling med utgangspunkt i anten sosiologisk litteratur eller eit empirisk datamateriale.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve, og ei sjølvvalt sosiologisk fordjuping som skal resultere i ei sjølvstendig skriftleg oppgåve. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema/ei problemstilling som anten vert drøfta ut frå eit eller fleire teoretiske perspektiv, tidlegare forsking eller empirisk analyse av kvantitative eller kvalitative data. Instituttet vil syte for at det føreligg ei liste med forslag til tema.

Læringsutbyte/resultat

Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal studentane ha utvikla evne til å utforme ein sosiologisk problemstilling og eit opplegg for undersøkingar og analyse av eit eige valt tema. Dei skal ha utvikla ferdigheiter i innsamling og analyse av ulike typar empirisk og teoretisk materiale, samt i disponering og framstilling av sjølvstendig skriftleg sosiologisk arbeid. Studentane skal ha fått erfaring med munnleg formidling av eige arbeid, og utvikla praktiske ferdigheiter i bruk av kjelder og referansar og etiske normer knytt til heiderleg framferd i forskingsarbeid.

Krav til forkunnskapar

MET102 og minst eitt av emna SOS101, SOS103 eller SOS104/105/106/108/109/110/111/112/113/114

Tilrådde forkunnskapar

SOS101, MET102, SOS103 og eitt av emna SOS104/SOS105/SOS106/SOS108/SOS109/SOS110/SOS111/SOS112/SOS113/SOS114

Undervisning og omfang

Førelesingar, seminar og rettleiing

Obligatoriske arbeidskrav

Innlevering av bacheloroppgåve og godkjent munnleg presentasjon av bacheloroppgåva.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

Innlevering av ei bacheloroppgåve (7500 - 8000 ord) og munnleg eksamen.

  1. Ein student har i utgangspunktet ikkje høve til å levere inn same bacheloroppgåve i SOS202 fleire gonger. Dersom ein student ønskjer å framstille seg til ny eksamen og basere oppgåva på same tema, må kandidaten:
    1. stille og gje svar på nye problemstillingar, og/eller
    2. trekkje inn nye kjelder/data, og/eller
    3. gjere ei radikalt endra analysedrøfting av problemstillingane/empirien.
  2. Studenten må søkje instituttet om å gå opp til ny eksamen i SOS202. I søknaden skal studenten gjere greie for dei endringane han/ho planlegg å gjere i oppgåva.
  3. Instituttet ved emneansvarlege for SOS202, avgjer søknaden

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no