Gå til innhold
English A A A
Emne SOS360

Masteroppgåva

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 60
Undervisningssemester Vår og haust
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Utvikle metodiske og analytiske ferdigheiter, samt evne til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.

Masteroppgåva byggjer på eit sjølvstendig forskingsprosjekt som endar i ei avhandling. Det er ynskeleg at studentane vel eit prosjekttema som faller innanfor eitt av instituttet sine forskingsområde. Før studenten går i gang med sitt forskingsprosjekt, må han/ho levere ei prosjektskildring til godkjenning ved instituttet.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne

  • Utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innan gitte tidsrammer.
  • Gjøre greie for korleis ei vitskapleg problemstilling skal utformast og forfølgjast gjennom bruk av sosiologisk teori og metode.
  • Gjere greie for forskinga på det feltet som er relevant for oppgåva sitt tema, og utviklet evne til kritisk vurdering av denne forskinga.
  • Vise analytiske evner og metodiske ferdigheiter som gjer han/ho i stand til å raskt setje seg inn i nye problemstillingar, vurdere og tileigne seg ny fagkunnskap, og bruke denne kunnskapen i sjølvstendige analyser av aktuelle samfunnsspørsmål på ulike områder.

Gjere greie for og drøfte grunnleggjande etiske problemstillingar ein stilles ovanfor i praktisk forskingsverksemd.

Undervisningssemester

Vår og haust

Eksamenssemester

Vår og haust

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Krav til forkunnskapar

SOS301, SOS302, SOS303, SOS304, SOS340 samt eitt valemne eller tilsvarande

Undervisning og omfang

Seminar og individuell rettleiing

Obligatoriske arbeidskrav

Innlevering av rettleiingskontrakt (2. semester) og framdriftsrapport (3. semester).

Vurderingsformer

Innlevering av masteroppgåve og munnleg eksamen. Masteroppgåva skal leverast elektronisk via emnet si heimeside på Mi Side / Studentportalen.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i trådd med vedtatt evalueringsplan for bachelor- og masternivå i sosiologi.

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no