Gå til innhold
English A A A
Emne SPIK250

Fordjuping i interkulturell kommunikasjon

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i og ei kritisk perspektivering av fagfeltet interkulturell kommunikasjon. Ein får kjennskap til feltets faghistorie og korleis denne heng saman med historiske og idéhistoriske omstende. Sentrale problemstillingar knytta til korleis ein skal forstå og handsame kultur og kulturmøte vert belyst utfra ulike teoriar og forståingsmåtar, med vekt på å få fram dei ulike og til dels konfliktfylte syn som ein finn i faglitteraturen. Emnet inviterar til diskusjon og refleksjon rundt omgrep som kultur, språk, stereotypiar, mangfald og annleisheit. Ein får innblikk i korleis slike omgrep og diskusjonane rundt dei har både historiske og politiske sider (m.a. i samband med kolonialisme og globalisering) og meir teoretiske og filosofiske sider (m.a. i teoriar om språk og meiningsproduksjon).

Pensum består av ei innføringsbok, eit eller fleire større verk (monografiar) og eit utval fagartiklar. Eldre og nyare tekstar av filosofisk og skjønnlitterær art vil bli brukt i undervisninga og kan og inngå i pensum. I tillegg til eit fellespensum skal kvar student utarbeide eit eige pensum i tilknytning til ei semesteroppgåve (bacheloroppgåve). Studentane veljer sjølv emne og problemstilling for oppgåva i samråd med faglærar. Det vert stilt bestemte krav til utforminga av oppgåva med omsyn til framstillingsform og kildebruk. Ei innføring i akademiske sjangerkrav, litteratursøk og andre sider ved forsknings- og skriveprosessar inngår i undervisninga. Emnet tek sikte på å utvikle evna til å resonnere sjølvstendig rundt faglege problemstillingar i gjennomarbeid skriftleg form. Skrivinga av semesteroppgåva skal ta til så tidleg som mogleg i studiet. Ved sida av å få individuell veiledning frå faglærar skal studentane også veilede kvarandre i kollokviegrupper og gjennom muntlege presentasjonar.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskap: Etter fullført emne skal studenten ha

  • kunnkap om viktige sider ved faghistoria til fagfeltet interkulturell kommunikasjon
  • kunnskap om ulike teoriar og retningar innanfor studiet av kultur og kommunikasjon
  • forståing av korleis teoriar om interkulturell kommunikasjon sjølv inngår i historiske, politiske og økonomiske samanhengar
  • kjennskap til sentrale omgrep innan kultur- og språkteori

Dugleik: Etter fullført emne skal studenten kunne

  • bruke faglege omgrep og perspektiv på ein reflektert måte i analyse av interkulturell kommunikasjon

Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • gjennomføre kritiske og fagleg informerte analysar av interkulturell kommunikasjon

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

Krav til studierett

Emnet er åpent for studenter med studierett ved Universitetet i Bergen.

Tilrådde forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium

Undervisning og omfang

Forelesingar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.

Seminar: 2 timar per veke i 2 veker, totalt 4 timar.

Individuell rettleiing: inntil 1 time per student.

Obligatoriske arbeidskrav

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva blir sensurert ved slutten av semesteret.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Karakterskala

Karakterskala fra A til F

Læremiddelomtale

Pensum består av ei innføringsbok, eit eller fleire større verk (monografiar) og eit utval fagartiklar og andre tekstar. I tillegg til eit fellespensum skal kvar student utarbeide eit eige pensum i tilknytning til ei semesteroppgåve (bacheloroppgåve).

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jevne mellomrom.

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no