Gå til innhold
English A A A
Emne SPLA203

Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Fagleg overlapp SPLA253 (100 %), SLAN642
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Spansk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis.

Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit emne frå latinamerikansk kulturkunnskap, t.d. ein periode, eit land, eit tema. Ein kan henta emnet i eit tekstutval frå perioden 1492 og fram til vår eiga tid.

Studentane skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Spansk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Personar utan studierett kan søkja SA om å få gå opp til særskild eksamen.

Mål og innhald

SPLA203 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk kulturkunnskap på 15 studiepoeng. Tema kan variera frå semester til semester.

I kombinasjon med SPLA251, SPLA252 eller eitt av emna TRANSHF (med omsetjing mellom spansk og norsk), ALLV251, LITTEHF, ALLV252, KVIK203 eller KVIK204 kan modulen utgjera spesialiseringa i Spansk språk og latinamerikastudium.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis.

Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit emne frå latinamerikansk kulturkunnskap, t.d. ein periode, eit land, eit tema. Ein kan henta emnet i eit tekstutval frå perioden 1492 og fram til vår eiga tid.

Studentane skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SPLA203 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA103.

Fagleg overlapp

SPLA253 (100 %), SLAN642

Undervisning og omfang

Studietilbodet inneheld både førelesingar, diskusjons- og skriveseminar. Undervisninga går saman med SPLA253. Tal på førelesingar er to timar i veka i 12 veker. Det blir dessutan gitt seminar to timar i veka i 12 veker.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Ein 6-timars skriftleg skoleeksamen. Ein skal svara på eksamen på spansk. Ved karakterfastsetjinga blir både den språklege dugleiken og det faglege innhaldet vurderte.

Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på alle eksamensdagane. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum (om lag 800 sider) skal innehalda utvalde historiske kjeldetekstar og vitskaplege artiklar/essays og oversynsverk knytte til desse. Det kan i særskilte høve bli gitt løyve til å leggja opp individuelt pensum, men då berre etter grunngjeven søknad ved semesterstart. Kontakt Institutt for framandspråk.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no