Gå til innhold
English A A A
Emne SV100

Samfunnsvitskaplege tenkemåtar

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust
Fagleg overlapp

For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.

Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Læringsutbyte

Gjennom emnet skal studenten ha tileigna seg ei første, grunnleggjande oversikt over sentrale perspektiv, menneskemodellar, grunnomgrep, metodiske innfallsvinklar og problemstillingar som kjenneteiknar samfunnsvitskaplege studiar. Studenten skal vidare ha fått elementær kjennskap til sentrale bidrag til den samfunnsvitskaplege faghistoria. Endeleg skal studenten ha tileigna seg kunnskap om utvalde, sentrale teoriar og hypotesar innan ulike samfunnsvitskaplege disiplinar, og kunne drøfte deira relevans i høve til dagsaktuelle problemstillingar.

Kontaktinformasjon

Turid Vaage (turid.vaage@sos.uib.no)

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust og vår

Undervisningsspråk

Norsk

Institutt

Sosiologisk institutt, Institutt for informasjons- og medievitskap, Institutt for geografi, Institutt for samanliknande politikk, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Mål og innhald

Emnet skal gjere studentane kjende med samfunnsfaga si historie og gi ei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkjemåtar. Det skal formidle kunnskap om dei ulike samfunnsvitskaplege disiplinane sine særtrekk så vel som deira fellesfaglege grunnlag.

Det vert gitt ei innføring i samfunnsvitskapane si framvekst og utvikling fram til i dag, med vekt på klassiske tema og sentrale omgrep i faga. Ulike metodar, omgrep og modellar som samfunnsforskarar nyttar eller forutset i si forsking vert også introdusert. Bruk av teori, modellar, metode og empiri i samfunnsvitskapen blir kasta lys over gjennom eit utval av teoriar om sentrale samfunnsforhold. Emnet vil også ta opp tilhøvet mellom (den/dei) utforska, forskar og samfunn.

Læringsutbyte/resultat

Gjennom emnet skal studenten ha tileigna seg ei første, grunnleggjande oversikt over sentrale perspektiv, menneskemodellar, grunnomgrep, metodiske innfallsvinklar og problemstillingar som kjenneteiknar samfunnsvitskaplege studiar. Studenten skal vidare ha fått elementær kjennskap til sentrale bidrag til den samfunnsvitskaplege faghistoria. Endeleg skal studenten ha tileigna seg kunnskap om utvalde, sentrale teoriar og hypotesar innan ulike samfunnsvitskaplege disiplinar, og kunne drøfte deira relevans i høve til dagsaktuelle problemstillingar.

Fagleg overlapp

For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.

Undervisning og omfang

Førelesingar

Talet på førelesingstimar: 20-24

Obligatoriske arbeidskrav

Ei innleveringsoppgåve (ca 2000 ord). Oppgåva må vere godkjent før eksamen.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

4 timar skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedteken evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Kontaktinformasjon

Turid Vaage (turid.vaage@sos.uib.no)