Hjem

Utdanning

Masteremne

Cultural theory and global perspectives

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Minimum 5 studentar for å halde kurset.

Mål og innhald

Overordna mål:

Kurset vil setje lys på korleis ein ved å trekke på ulike teoretiske tilhøve / perspektiv kan belyse ulike sider ved eit empirisk felt. Eit hovudfokus blir retta mot korleis ulike teoretisk inntak kan nyttast i studie av og i sjukepleiefaget. Kurset vil inkludere eit fokus retta mot sjukepleiefaget i lavinntekts-kontekstar.

Innhald:

Kurset tar utgangspunkt i sosialkonstruktivistisk teori, kritisk-økonomisk teori samt kjønnsteori. Fenomenologisk og hermeneutisk teori vil også bli sett lys på. Lesing av grunnvitskapelege tekstar blir følgt av vitenskapsteoretisk og metodologisk refleksjon relatert til konkrete empiriske studiar. Denne tilnærminga vil vise korleis ulike teoretiske utgangspunkt kan auke forståinga for og informere studiar innan sjukepleiefaget.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

  • ha kunnskap om korleis ulike studiar sine teoretiske utgangspunkt / perspektiv generer ulike typar kunnskap.
  • ha kunnskap om grunnleggande trekk innan sosialkonstruktivisme, kritisk-økonomisk teori samt kjønnsteori.
  • kunne reflektere kritisk over korleis ulike teoretiske perspektiv kan ha relevans for og informere sjukepleiefaglige studiar.
  • kunne bruke kunnskap om korleis ulike teoretiske inntak kan nyttast i eige forskingsarbeid.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningen er basert på:

  • forelesingar
  • gruppearbeid (nærlesing av tekster)
  • utvikle skriftlig arbeid basert på tekstar i pensum
  • studentframlegg av tekstar
  • studentframlegg av teoretiske inntak knytt til planlagte forskningsprosjekt
  • sjølvstudie

Totalt: 40 timar i veka i 3.5 veker

Vurderingsformer

Essay i form av 5 dagars heimeeksamen.

2 interne sensorar

Karakterskala

Karakterskala A-F

Litteraturliste

Litteraturliste på Mitt UiB

Emneevaluering

Skriftleg og munnleg

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

e-post: studie@isf.uib.no

tel: 55586100

Emneansvarleg: Professor Astrid Blystad

http://www.uib.no/personer/Astrid.Blystad

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    12.02.2018, 14:00
    Innleveringsfrist
    01.03.2018, 14:00
    Trekkfrist
    01.02.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen