Teatervitskap: Teoretisk fordjuping i eit systematisk område

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet inneheld ei teoretisk og analytisk fordjuping i eitt eller fleire av dei systematiske områda skodespelarkunst, regi, dramaturgi og scenografi. Kvart av dei systematiske områda skal kasta lys over hovudaspekt ved teater framsyninga som eit scenisk kunstverk og gi ei utdjuping av den estetiske heilskapsforståinga.

Det kan variera frå semester til semester kva for eit av dei systematiske områda som vert handsama i undervisinga.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • djuptgåande kunnskap om eitt eller fleire av dei systematisk områda innanfor teatervitskapen
  • gode kunnskapar om teoridanning i relasjon til eitt eller fleire av dei systematisk områda

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • formulere seg klart og reflektert om dei systematiske områda det vert undervist i
  • greie ut teoretisk om dei systematiske områda det vert undervist i
  • nytte systematisk kunnskap til analyse av scenekunstverk

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • drøfte teoretiske og systematiske problemstillingar innanfor teatervitskapen
  • bidra kritisk til den systematiske teaterforståinga innanfor teatervitskapen

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesingar og seminar med studentinnlegg
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.
Vurderingsformer
7 dagars heimeeksamen (om lag 5 000 ord)
Karakterskala
A - F
Vurderingssemester

Vår

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste
Pensum er på omlag 1000 sider innan eitt eller fleire av dei systematiske områda skodespelarkunst, regi, scenografi og dramaturgi.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret for teatervitskap
Emneansvarleg
Fagmiljøet i teatervitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium