Gå til innhold
English A A A
Emne TOLKHF

Tolking

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Studentane må ha minimum 15 studiepoeng i vald framandspråk på 100-nivå.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført dette emnet har studentane tileigna seg teoretisk innsikt i kva tolking inneber. Dei har også kunnskap om kva utfordringar som ligger i denne spesielle kommunikasjonssituasjonen med særleg vekt på relasjonen mellom dei ulike deltakarane. Dei får dessutan kunnskap om dei etiske og juridiske aspekta ved tolking.

Studentane får ei viss øving i å tolke konsekutivt i enkle kommunikasjonssituasjonar.

Gjennom rollespill og kasusstudium får studentane innsikt i situasjonar der dei må ta stilling til etiske og juridiske problemstillingar som teieplikt og nøytralitet.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Mål og innhald

TOLKHF kombinerer ei teoretisk og praktisk tilnærming til tolking. Undervisninga i teoridelen tar opp sentrale kommunikasjonsteoretiske problemstillingar som er relevante for tolkeverksemda. Det blir særleg lagt vekt på tolkeetikk med sikte på å gjere studentane medvitne når det gjeld teieplikt og nøytralitet. Studentane skal vidare tileigne seg kunnskap om tolken sine plikter og rettar.

Den praktiske delen av studiet vil ta for seg tolketeknikk og gi ei innføring i ulike tolkemetodar med hovudvekt på konsekutivtolking. Studentane vil få trening i minne- og notatteknikk.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført dette emnet har studentane tileigna seg teoretisk innsikt i kva tolking inneber. Dei har også kunnskap om kva utfordringar som ligger i denne spesielle kommunikasjonssituasjonen med særleg vekt på relasjonen mellom dei ulike deltakarane. Dei får dessutan kunnskap om dei etiske og juridiske aspekta ved tolking.

Studentane får ei viss øving i å tolke konsekutivt i enkle kommunikasjonssituasjonar.

Gjennom rollespill og kasusstudium får studentane innsikt i situasjonar der dei må ta stilling til etiske og juridiske problemstillingar som teieplikt og nøytralitet.

Krav til forkunnskapar

Studentane må ha minimum 15 studiepoeng i vald framandspråk på 100-nivå.

Tilrådde forkunnskapar

Emnet bygger på SPIK101.

Undervisning og omfang

Undervisninga har form av seminar. Den teoretiske delen av kurset har fellesseminar for alle studentane. Den praktiske delen blir delvis gjennomført i mindre grupper med rollespel, kasusstudium og øvingar i tolketeknikk. Det blir forventa aktiv deltaking i gruppene. Rollespela blir filma og kvar student skal ha minst eitt opptak av eiga tolking. Opptaket dannar grunnlag for refleksjon over eigne prestasjonar.

Obligatoriske arbeidskrav

Studentane skal levere inn ei obligatorisk oppgåve i form av ein refleksjonstekst basert på observasjon av ein reell tolkesituasjon, eller på videoopptak av eiga tolking for å kunne ta eksamen i emnet. Notatet skal vere på ca 1200 ord.

Vurderingsformer

Ein heimeoppgåve på to veker som tar for seg tema frå tolkeetikk. Oppgåva skal skrivast på norsk og skal vere på 2400 ord. For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha fått godkjent den obligatoriske oppgåva som er nemnd under Obligatoriske arbeidskrav.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no