Omsetjing
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk og det valde framandspråket
Krav til forkunnskapar
Fullført 60 studiepoeng på 100-nivå i det valde framandspråket. Einskilde språk kan krevje fleire enn 60 studiepoeng i det aktuelle språket.
Læringsutbyte
Ved fullført studium, har studentane auka innsikt i dei utfordringane som ligg i omsetjing av skriftleg tekst. Dei har òg tileigna seg eit lingvistisk omgrepsapparat for å skildre desse utfordringane og å finne fram til gode løysingar, gjeve ulike kommunikasjonsformål. Studentane har òg øvd seg på å omsetje ulike typar tekstar til og frå norsk og det valde framandspråket.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk og det valde framandspråket
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å auke studentane si forståing av og dugleik i omsetjing, ved at dei lærer seg relevante lingvistiske omgrep og modellar, og gjennom praktiske omsetjingsoppgåver.
TRANSHF kombinerer ei teoretisk og ei praktisk tilnærming til omsetjing. Undervisninga i teoridelen av kurset tek føre seg lingvistiske omgrep og modellar som gjer det mogeleg å skildre dei utfordringane som ligg i skriftleg omsetjing og å ta stilling til dei omsetjingsmogelegheitene som finst. I denne samanhengen er det òg viktig å ta føre seg sentrale trekk ved omsetjaren sin situasjon og dei føringane den legg for arbeidet til omsetjaren. Eit viktig tema knytt til dette er særtrekk ved fagspråkleg omsetjing og terminologiarbeid. I tillegg tek ein opp tema som til dømes maskinomsetjing, omsetjingsverkty og audiovisuell omsetjing.
I den praktiske delen av kurset arbeider studentane med omsetjingsoppgåver knytte til problemstillingar som har vore diskuterte i teoriundervisninga. Oppgåvene femner om omsetjing frå det aktuelle framandspråket til norsk og frå norsk til framandspråket.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført studium, har studentane auka innsikt i dei utfordringane som ligg i omsetjing av skriftleg tekst. Dei har òg tileigna seg eit lingvistisk omgrepsapparat for å skildre desse utfordringane og å finne fram til gode løysingar, gjeve ulike kommunikasjonsformål. Studentane har òg øvd seg på å omsetje ulike typar tekstar til og frå norsk og det valde framandspråket.
Krav til forkunnskapar
Fullført 60 studiepoeng på 100-nivå i det valde framandspråket. Einskilde språk kan krevje fleire enn 60 studiepoeng i det aktuelle språket.
Tilrådde forkunnskapar
Studentane bør ha fullført EXFAC00SK: Språk og kommunikasjon. I tillegg må studentane ha fullført språkstudium som svarer til 60 studiepoeng i framandspråket.
Undervisning og omfang
Undervisninga består av førelesingar 2 timer i veka i 12 veker og seminar 2 timer i veka i 12 veker, totalt 48 undervisningstimar. Seminara føreset aktiv studentdeltaking.
Obligatoriske arbeidskrav
Studentane må levere fire omsetjingsoppgåver. To må vere frå framandspråket til norsk og to frå norsk til framandspråket. Studentane skal òg levere utkast til refleksjonstekstar. Ein refleksjonstekst inneheld drøfting av eige arbeid med revidering av oversettelsesutkast. I desse tekstane skal studentane argumentere for omsetjingsvala sine ved at dei syner til omgrep og modellar dei har vore inne på i undervisninga.
Alle innleveringane skal skje etter fristar fastsett av den emneansvarlege.
Studentane har rett og plikt til minst ein individuell rettleiingstime i samband med skriving av refleksjonstekstane. Studentar som ikkje møter til rettleiing taper retten til å levere emnemappe.
Vurderingsformer
Karakteren for emnet vert sett etter vurdering av ei mappe som inneheld to av dei omsetjingane studentane har arbeidd med i løpet av semesteret. Den endelege mappa inneheld omsetjingar i utkast og omarbeidd form. Ei av desse skal vere frå framandspråket til norsk og ei frå norsk til framandspråket. I tilknyting til kvar av desse to omsetjingane leverer studentane dessutan ein refleksjonstekst.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Hovudboka i teoridelen av kurset går gjennom dei viktigaste lingvistiske omgrepa og knyter desse til omsetjingsval. I tillegg brukar ein utvalde artiklar som dekkjer dei andre tema.
I den praktiske delen av kurset bruker ein tekstar og anna undervisningsmateriell utarbeidd av faglærarane.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no