Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteremne i tysk språkvitskap

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust (oppstart hausten 2013)

Undervisningsstad

Avhengig av om det er studentar ved både UiB og NTNU på emnet.

Dersom det er studentar ved begge lærestadene blir det oppstartseminar ved ein av lærestadene, nettundervisning og lokale seminar ved NTNU og UiB. Undervisning m/ videooverføring frå UiB til NTNU.

Dersom det berre er studentar frå UiB på emnet, blir det campusundervisning i Bergen.

Mål og innhald

TSAK319 tek for seg eit avgrensa område innanfor moderne tysk språkvitskap inkludert tysk fagdidaktikk, der både empiriske, teoretiske og metodiske spørsmål vil bli behandla, gjerne i eit kontrastivt perspektiv. Gjennom arbeidet med det utvalte temaet skal studentene dessutan bli fortruleg med empirisk/korpusbasert arbeid, f.eks.

gjennom bruk av elektroniske korpora. Studentane vil få høve til å fordjupe seg i eit sjølvvalt område innanfor emnet gjennom arbeidet med semesteroppgåva.

TSAK319 er tilrådd for alle studentar som vil skrive masteroppgåve i språk.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten

- har inngåande teoretisk og empirisk kunnskap om eit avgrensa fagleg tema innanfor moderne tysk språkvitskap

- har inngåande kunnskap om metodane på fagområdet

- har kunnskap om kontrastivt viktige forskjellar mellom tysk og norsk på det utvalte området

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan anvende og reflektere sjølvstendig over teoretiske og metodiske tilnærmingar innanfor eit avgrensa vitskapeleg område

- kan presentere, analysere og samanlikne ulike framstillingar, teoriar og metoder innanfor fagområdet.

- kan bruke eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat på tysk

- kan finne fram til relevante kjelder og bibliografiar og bruke desse kritisk til å strukturere og formulere faglege resonnement på tysk innanfor fagområdet

- kan reflektere over (dvs. presentere, diskutere, analysere) kontrastivt viktige forskjellar mellom norsk og tysk innanfor fagområdet

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing på tysk

- kan bruke eit vitskapleg omgrepsapparat i behandlinga av eit komplekst tema

- kan presentere og forholde seg til faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor moderne tysk språkvitskap i eit adekvat fagspråk, både munnleg og skriftleg

- kan bruke sine kunnskapar og ferdigheiter på nye områder for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i tysk på minst 80 studiepoeng eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Fordjuping i tysk (2000-nivået ved NTNU, 200-nivået ved UiB)

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i tysk ved UiB/NTNU.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, seminar og øvingar. Dersom emnet har studentar frå både UiB og NTNU er delar av undervisninga på internett (f.eks. via Adobe Connect).

Studentane må i så fall ha tilgang til internett og datamaskin med kamera og mikrofon. Det er òg ein føresetnad at studentane er førebudde til undervisninga og at dei deltek aktivt og regelmessig i den.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Eitt kort skriftleg samandrag på ca. 600 ord av utdrag frå pensum.

- Eitt godkjent skriftleg arbeid på ca. 2.000 ord. Arbeidet skal skrivast på tysk.

- For å kunne gå opp til eksamen, blir det kravd deltaking i minst halvparten førelesingane.

Vurderingsformer

Ei skriftleg oppgåve med to vekers innleveringsfrist, med eit omfang på ca. 4.000 ord, ikkje medrekna innhaldsliste, oppgåveformulering og litteraturliste. Eksamensoppgåva skal skrivast på tysk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Det blir opplyst om pensum i samband med undervisninga. Fellespensum er på om lag 250 sider, og i tillegg er det om lag 100-150 sider sjølvvalt pensum, som skal godkjennast av faglærar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med kvalitetssikringssystema ved dei to universiteta.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    08.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    24.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen