Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsstudier

Grunnemne i tysk språk I

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeTYS111
  • Antal semester1
  • SpråkTysk
  • Ressursar

Mål og innhald

Emnet omfattar eit basiskurs i tysk grammatikk og lydlære (fonetikk/fonologi), og oppøving av skriftleg og munnleg meistring av språket. Ved språktreninga blir det teke utgangspunkt i munnlege og skriftlege teksttypar av ulike slag, og det blir arbeidd både med bundne (omsetjing, utfyllingsoppgåver, feilrettingsoppgåver m.m.) og friare øvingar (resyme, essay, argumentasjon, intervju, reportasje m.m.).

TYS111 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i tysk.

Fagleg overlapp

TYS111-F (100%)

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

- Undervisningstilbodet omfattar forelesingar/seminar og gruppeundervisning som føreset aktiv deltaking frå studentane. NB! Undervisninga i delar av TYS111 er lagt til Universitetet i Kiel.

- Tre dobbeltimar forelesing / seminar + to dobbelimar gruppeundervising

- 10 veker i Bergen + 6 veker i Kiel

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingane i Bergen.

I løpet av semesteret skal det skrivast fire korte øvingsoppgåver i grammatikk og dessutan to korte øvingsoppgåver i samband med undervisninga i skriftleg praktisk tysk. I tillegg må kvar student i samband med undervisninga i munnleg praktisk tysk halde to presentasjonar à ca. 10 min.

Alle arbeidskrava må vere godkjende av faglærar i same semester før ein kan gå opp til skriftleg eksamen i emnet.

Undervisningssemester

Vår

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Undervisningsstad

Bergen og Kiel

Læringsutbyte

Kunnskap:

Studenten

  • har gode basiskunnskapar i tysk grammatikk og lydlære, derunder kjennskap til viktige ulikskapar mellom tysk og norsk
  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale utviklingstrekk i tysk fonetikk/fonologi
  • har grunnleggjande kunnskap om tysk grammatisk og fonetisk/fonologisk fagterminologi (herunder òg grunnleggjande kjennskap til fonetisk transkripsjon ved hjelp av IPA-teikn)
  • har grunnleggjande kunnskap om skriftleg og munnleg kommunikasjon på tysk

 

Dugleik:

Studenten

  • kan uttrykkje seg godt på tysk både munnleg og skriftleg
  • kan bruke grunnleggjande tysk fagterminologi til å analysere tekstar og munnlege uttrykk
  • kan bruke enkle syntaktiske analyseverkty og enkel fonetisk transkripsjon

Grunnkompetanse:

Studenten

  • har eit godt grunnlag for å utvida eigen praktisk og teoretisk kompetanse i tysk språk
  • er i god stand til å halde fram tyskstudiet på 100-nivå

Krav til forkunnskapar

På grunn av emnet sitt fokus på kontrastive aspekt føreset ein kjennskap til norsk språk.  

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Læremiddelomtale

Pensum omfattar sentrale element i tysk grammatikk og lydlære (jf. Læringsutbyte/resultat), og dessutan lærestoff knytta til praktisk språkbruk.

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av to eksamensdelar:

Eksamensdel 1 er ein 4 timars skriftleg skuleeksamen (med einspråkleg tysk-tysk ordbok) i grammatikk og skriftleg praktisk tysk som blir arrangert etter Kiel-opphaldet. Eksamen kan bli digital.

 

Eksamensdel 2 er ein munnleg eksamen i lydlære og praktisk tysk (ca. 30 min.) som blir arrangert etter den skriftlege skuleeksamenen.

Begge eksamensdelane må vere greidd i same semesteret

Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel den skriftlege skuleeksamenen (eksamensdel 1 ) 60%, og den munnlege eksamenen (eksamensdel 2) 40%.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no