Tyskspråkleg kultur (fjernstudium)
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Undervisninga går over vår- og haustsemesteret |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Tysk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studenten skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om utvalde tema innan tyskspråkleg kultur i perioden frå opplysningstida fram til i dag, utvikle eit reflektert forhold til stoffet gjennom analysar av ulike kulturelle uttrykk i historisk og samfunnsmessig samanheng og kunne gi skriftlege og munnlege framstillingar av stoffet på tysk.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Undervisninga går over vår- og haustsemesteret
Undervisningsspråk
Tysk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på etter- og vidareutdanning i tysk ved UiB.
Mål og innhald
Emnet tematiserer ulike aspekt ved tyskspråkleg kultur frå opplysningstida fram til i dag med utgangspunkt i ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst.
Det tek òg føre seg viktige element i utviklinga av tysk standardspråk.
Læringsutbyte/resultat
Studenten skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om utvalde tema innan tyskspråkleg kultur i perioden frå opplysningstida fram til i dag, utvikle eit reflektert forhold til stoffet gjennom analysar av ulike kulturelle uttrykk i historisk og samfunnsmessig samanheng og kunne gi skriftlege og munnlege framstillingar av stoffet på tysk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.
Undervisning og omfang
Undervisningstilbodet, som føreset aktiv deltaking frå studentane, omfattar både synkron og asynkron undervisning på nettet. Hovuddelen av undervisninga vil vere synkron nettundervisning. Her brukar ein LINGO-plattformen (http://lingo.uib.no:7001/). I den asynkrone delen får studentane nettbaserte arbeidsprogram, bl.a. i eit diskusjonsforum der dei får i oppgåve å diskutere og utdjupe stoffet som har blitt behandla i den synkrone undervisninga. Det blir utarbeidd undervisningsbrev, supplerande materiale, oppgåver o.l.: alt kjem til å vere tilgjengeleg i eigne elektroniske kursarkiv.
Obligatoriske arbeidskrav
3 helgesamlingar i semesteret, av desse er 2 obligatoriske.
Eksamensoppgåva er rettleid.
Vurderingsformer
Det blir arrangert eksamen i haustsemesteret med påfølgjande midtsemesterseksamen.
Vurdering skjer på grunnlag av éi rettleia skriftlig oppgåve og éin munnleg eksamen (ca. 30 min.).
Den rettleia skriftlige oppgåva skal vere på ca. 1500 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste.
Den munnlege eksamenen er sett saman av ein presentasjon (15 min.) og ein samtale rundt eit pensumrelatert emne (15 min.).
Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel den rettleia skriftlege oppgåva 60%, den munnlege eksamenen 40%.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum omfattar ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst.
Undervisningssted
Undervisning på nett og helgesamlingar i Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no