Gå til innhold
English A A A
Emne TYS114

Tyskspråkleg litteratur

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Tysk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Med utgangspunkt i dei verka studentane les, skal dei tileigne seg kunnskap om hovudtrekk i utviklinga av den tyskspråklege litteraturen etter ca.1750, grunnleggjande dugleik i litterær analyse gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver og utvikle eit reflektert og sjølvstendig forhold til stoffet.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsspråk

Tysk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Mål og innhald

Emnet omfattar ei generell innføring i historia til den tyskspråklege litteraturen frå det 18. hundreåret fram til i dag og ei innføring i litterær analyse med utgangspunkt i eit utval litterære verk eller utdrag av verk (epikk, dramatikk og lyrikk).

TYS114 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i tysk.

Læringsutbyte/resultat

Med utgangspunkt i dei verka studentane les, skal dei tileigne seg kunnskap om hovudtrekk i utviklinga av den tyskspråklege litteraturen etter ca.1750, grunnleggjande dugleik i litterær analyse gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver og utvikle eit reflektert og sjølvstendig forhold til stoffet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har bestått TYS112 eller tilsvarande.

Undervisning og omfang

- Undervisninga skjer i form av forelesningar/seminar og gruppeundervisning som føreset aktiv deltaking frå studentane.
- Tre dobbeltimar
- 12 veker

Obligatoriske arbeidskrav

Eksamensoppgåva er rettleidd.

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen kvart haustsemester med påfølgjande midtsemesterseksamen.
Eksamen er ein 4 timars skriftleg skuleeksamen (utan hjelpemiddel) og éi skriftleg rettleia oppgåve à 1500 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste.

Begge eksamensdelane må avleggjast i same semesteret.

Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel skuleeksamen 60% og den rettleia oppgåva 40%.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum omfattar eit utval litterære verk, ei kort innføring i litterær analyse og i litteraturhistoria frå det 18. hundreåret fram til i dag.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no