Gå til innhold
English A A A
Emne TYS201L

Fordjuping i tysk språk for integrert lektorutdanning

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Det blir undervist i emnet i 6. semester (vår) for studentar som vel tysk som fag 1.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Tysk

Læringsutbyte

Emnet skal styrkje og vidareutvikle innsikt og munnlege/skriftlege kunnskapar i tysk språk og trene opp til større sjølvstende i forhold til lærestoffet.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Undervisningssemester

Det blir undervist i emnet i 6. semester (vår) for studentar som vel tysk som fag 1.

Undervisningsspråk

Tysk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er berre ope for studentar med studierett på Integrert lektorutdanning med master i framandspråk ved Det humanistiske fakultet.

Mål og innhald

Emnet skal gi auka kunnskap om og fordjupa innsikt i eit avgrensa utval av tema innan tysk språk/språkvitskap.

TYS201L er ein obligatorisk del av tysk som fag I for studentar som skriv bacheloroppgåve i litteratur (TYS252).

Læringsutbyte/resultat

Emnet skal styrkje og vidareutvikle innsikt og munnlege/skriftlege kunnskapar i tysk språk og trene opp til større sjølvstende i forhold til lærestoffet.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har teke TYS111, TYS112, TYS113 og TYS124 eller har tilsvarande kunnskapar.

Undervisning og omfang

- Undervisninga skjer i form av forelesningar/seminar.
- 2 dobbeltimar
- 12 veker

Obligatoriske arbeidskrav

I løpet av studiet skal studentane halde ein munnleg presentasjon med skriftlege støtteark på 2-3 sider. Studentane vel tema i samråd med faglærar.

Presentasjon med støtteark må vere godkjend av faglærar for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen kvart vårsemester med påfølgjande midtsemestereksamen.

Eksamen er ein 6 timars skriftleg skuleeksamen (utan hjelpemiddel).

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum utgjer ca. 150 sider, fordelte på to tema innan tysk språkvitskap.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no