Fordjuping i tysk språk med bacheloroppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Tilbys berre som våremne f.o.m. våren 2011. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Tysk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Emnet skal styrkje og vidareutvikle innsikt og munnlege/skriftlege kunnskapar i tysk språk og trene opp til større sjølvstende i forhold til lærestoffet.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Tilbys berre som våremne f.o.m. våren 2011.
Undervisningsspråk
Tysk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Mål og innhald
Emnet skal gi auka kunnskap om og fordjupa innsikt i eit avgrensa utval av tema innan tysk språk/språkvitskap. Kvart tema skal helst studerast i to eller fleire ulike framstillingar for å trene opp evna til sjølvstendig vurdering av lærestoff.
TYS251 eller TYS252 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i tysk.
Læringsutbyte/resultat
Emnet skal styrkje og vidareutvikle innsikt og munnlege/skriftlege kunnskapar i tysk språk og trene opp til større sjølvstende i forhold til lærestoffet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein rår til at studentane har teke TYS111, TYS112, TYS113 og TYS114 eller har tilsvarande kunnskapar.
Undervisning og omfang
- Undervisninga skjer i form av forelesningar/seminar.
- 2 dobbeltimar
- 12 veker
Obligatoriske arbeidskrav
I løpet av studiet skal studentane halde ein munnleg presentasjon med skriftlege støtteark på 2-3 sider.
Studentane vel tema i samråd med faglærar. Presentasjon med støtteark må vere godkjende av faglærar for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Bacheloroppgåva er rettleidd.
Vurderingsformer
Eksamen i emnet blir arrangert kvart semester.
Eksamen er ei bacheloroppgåve og ein munnleg eksamen.
Bacheloroppgåva skal skrivast på tysk med to obligatoriske rettleiingar i løpet av semesteret og vere på ca. 5000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste. Arbeidet med oppgåva skal ta til etter ca. fire undervisningsveker, og rettleiingane blir avtalt med faglæraren.
Den munnlege eksamenen (ca. 30 min.) blir arrangert etter skriftleg sensur, er knytt til både bacheloroppgåva og pensum i emnet og kan justere karakteren på oppgåva ein karakter opp eller ned.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum utgjer ca. 200 sider, fordelte på to eller tre tema innan tysk språkvitskap.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no