Seminaremne i tysk språk II
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Tysk
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i tysk på minst 90 studiepoeng eller tilsvarande.
Læringsutbyte
Emnet skal gi ytterlegare fordjuping i tysk språk og språkvitskap.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Tysk
Studienivå
Master
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i tysk ved UiB.
Mål og innhald
TYS314 tek opp faglege emne i synkront eller diakront perspektiv, til dømes innanfor tysk grammatikk i vid forstand, semantikk/leksikologi, pragmatikk, sosiolingvistikk, kontrastiv lingvistikk, omsetjingsvitskap, språkinnlæring eller språkdidaktikk. Studentane kan velje fritt mellom dei tilboda instituttet til eikvar tid gir, men det emnet ein vel under TYS314, må vere klårt forskjellig frå det ein vel under TYS312.
TYS314 er ein valfri del av mastergradsstudiet, men det blir tilrådd at studentar som skal skrive masteroppgåve innan språk, vel dette emnet.
Læringsutbyte/resultat
Emnet skal gi ytterlegare fordjuping i tysk språk og språkvitskap.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i tysk på minst 90 studiepoeng eller tilsvarande.
Undervisning og omfang
- Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar, der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.
- Ein dobbeltime
- 12 veker
Obligatoriske arbeidskrav
Eksamensoppgåva er rettleidd.
Vurderingsformer
Eksamen er ei rettleia oppgåve på ca. 4000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste, som skal skrivast på to veker.
Det blir arrangert eksamen i undervisningssemesteret med påfølgjande midtsemestereksamen.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum er på inntil 350 sider.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no