Gå til innhold
English A A A
Emne TYS315

Seminaremne i tyskspråkleg litteratur II

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Tysk

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i tysk på minst 90 studiepoeng eller tilsvarande.

Læringsutbyte

Emnet skal gi ytterlegare fordjuping i tyskspråkleg litteratur og litteraturvitskap.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Tysk

Studienivå

Master

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i tysk ved UiB.

Mål og innhald

TYS315 kan til dømes ha eit litteraturhistorisk utgangspunkt eller vere konsentrert omkring forfatterskap, genrar eller litteraturteoretiske og kulturorienterte problemstillingar. Studentane kan velje fritt mellom dei tilboda instituttet til eikvar tid gir, men det emnet ein vel under TYS315, må være klårt forskjellig frå det ein vel under TYS313.

TYS315 er ein valfri del av mastergradsstudiet, men det blir tilrådd at studentar som skal skrive masteroppgåve innan litteratur, vel dette emnet.

Læringsutbyte/resultat

Emnet skal gi ytterlegare fordjuping i tyskspråkleg litteratur og litteraturvitskap.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i tysk på minst 90 studiepoeng eller tilsvarande.

Undervisning og omfang

- Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar, der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.
- Ein dobbeltime
- 12 veker

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen er ein 6 timars skuleeksamen.

Det blir arrangert eksamen i undervisningssemesteret med påfølgjande midtsemestereksamen.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum er på 1000-1500 sider (avhengig av teksttype og grad av fordjuping), frå eldre og/eller nyare tid, og dessutan inntil 150 sider litteraturteori.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no