Home
Student Pages
bilateral

Monash University and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryAustralia
  • TownClayton
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Monash University er eit globalt etablert universitet med åtte campusar både i og utanfor Australia. Det blei grunnlagt i 1958 og har rundt 50 000 studentar. Dei største campusane ligg i forstadane rundt Melbourne. Hovudcampusen Clayton ligg ein halvtimes tog- og busstur frå sentrum av Melbourne. Universitetet er medlem av «Group of Eight» og er dermed å rekne som eit av dei åtte leiande forskingsuniversiteta i Australia.

Melbourne er den nest største byen i Australia og er med sitt trivelege, europeiske preg byen for deg som set pris på dei gode tinga i livet; god mat, god vin, kunst og litteratur, ei levande og innovativ musikkscene og den er dessutan midt i blinken for deg som liker å køyre trikk. Melbourne ligg på ei breiddegrad tilsvarande der Spania ligg på den nordlege halvkule, noko som gjev byen eit behageleg middelhavsklima.

Accommodation

Antal plassar i studentheimar på campus er ikkje veldig stort, men bustadkontoret ved Monash University kan tilby god informasjon og sørvis når det gjeld hjelp til å finne bustad på den private marknaden.

Semester duration

Juli - november/desember og februar - juni/juli.

Grøn campus
Photo:
© Monash University

Information