Home
Student Pages
erasmus+uk

University of Sheffield and Department of Physics and Technology (ERASMUS+UK)

  • CountryUnited Kingdom
  • TownSheffield
  • Number of exchange places2
  • Exchange programmeErasmus+uk
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Sheffield er eit offentleg universitet som blei grunnlagt i 1905. Det har i dag rundt 26 000 studentar og fem fakultet, i tillegg til ei internasjonal avdeling i Thessaloniki, i Hellas. Det har fem nobelprisvinnarar knytt til seg innanfor fagfelta kjemi, fysiologi og medisin. Det meste av universitetet ligg vest i Sheffield sentrum, i nærleiken av Weston Park.

Sheffield har over 550 000 innbyggarar, og er den tredje største byen i Storbritannia. Under den industrielle revolusjon tidobla innbyggartalet seg, og byen er historisk kjend for stålindustri. Samstundes er Sheffield ein av dei grønaste byane i Europa, kor heile 61 prosent av byen er grøne område, og ein tredjedel av byen ligg i Peak District nasjonalpark. Sheffield blir av myndigheitene rekna som ein av landets tryggaste byar å bu i.

Accommodation

Universitetet tilbyr studentbustader for internasjonale studentar både i sentrum og i dei grønare områda i utkanten av byen. Det er gode sjansar for å få tilbod, men det er ikkje garantert at alle får plass.

Semester duration

September - februar og februar - juni.

Grøn campus
Photo:
© University of Sheffield

Information