Home
Student Pages
erasmus+uk

University of Leeds and Department of Comparative Politics (ERASMUS+UK)

  • CountryUnited Kingdom
  • TownLeeds
  • Number of exchange places4
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+uk
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Leeds har røter tilbake til 1831, då Leeds School of Medicine blei grunnlagd og fekk status som sjølvstendig universitet i 1905. Det er delt inn i ni fakultet, og har om lag 33 000 studentar. Hovudcampus ligg halvannan kilometer nord for Leeds sentrum. Universitetet har band til fem nobelprisvinnarar, tre av dei i kjemi. Det tilbyr òg pilotutdanning, og studium innan luftfartsteknologi, og har ein eigen flysimulator.

Leeds er ein by i West-Yorkshire, nord i England. Han har om lag 430 000 innbyggarar. Byen blei tidleg ein prominent tekstilby, og på første halvdel av 1800-talet auka innbyggartalet frå 53 000 til 172 000. I dag er Leeds ein av dei raskast veksande byene i Storbritannia, og er kjend for sine mange store varehus.

Accommodation

Universitetet har studentbustader både i og utanfor Leeds sentrum og garanterer tilbod til alle utvekslingsstudentar som søker innan fristen. Somme bustader har inkluderte måltid, medan ein må lage mat sjølv andre stader.

Semester duration

September - januar og januar - juni.

Flott bygning
Photo:
© University of Leeds

Information