Home

University of Bergen Library

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Språksamlingane

Språkinfrastruktur for norsk språk og norske namn

Språksamlingane som tidlegare låg ved Universitetet i Oslo, er frå 2016 overførte til Universitetet i Bergen. Samlingane er ein betydeleg vitskapleg ressurs som består av eldre fysisk materiale og elektronisk materiale (både digitalisert og digitalt utvikla). Samlingane har vore grunnlag for å utarbeide allmennordbøker (leksikografi) og namnefaglege studiar (namnegransking).

Språksamlingane er ein omfattande dokumentasjon av norsk språk. Samlingane representerer eit stort potensial for framtidig forsking.

For normeringa av norsk språk, og for andre formål av vitskapleg eller teknologisk art, er det viktig at samlingane til ei kvar tid gir ein relevant og haldbar dokumentasjon og eit ope tilgjengeleg datagrunnlag.

Universitetet i Bergen tek no over forvaltinga av dei fysiske og digitale Språksamlingane.

Nettordbøkene (Nynorskordboka og Bokmålsordboka) med tilhøyrande elektroniske ressursar er ein viktig kanal for Språkrådets normering av norsk språk. Nettordbøkene skal framover drivast av Språkrådet og Universitetet i Bergen i tett samarbeid og på ei sams digital plattform.

Universitetet i Bergen og Språkrådet sin visjon for språksamlingane er at dei skal vere ein levande infrastruktur for norsk språk – norsk ordtilfang, norsk talemål  og norske namn. Denne infrastrukturen skal vere mest mogeleg open og tilgjengeleg for både forskarar, forvaltning og alle andre som er interesserte i norsk språk.

Språkrådet er førstelinjeteneste for språklege og språkfaglege spørsmål til nettordbøkene og Språksamlingane.