Home
Faculty of Mathematics and Natural Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyheter

Kunst i gåve til GFI

Geofysisk institutt feirer hundre år i 2017, og fakultetet gir kunst i gåve.

Kunstgåve til GFI
VITSKAPLEG KUNST: Kunstnar Katrin von Lehmann var ved Geofysisk institutt i to månadar i 2014, og snakka med forskarane om arbeida deira. To av bileta som vart til etter opphaldet vart gjevne i gåve i høve at instituttet feirer hundre år i 2017.
Photo:
Jens Helleland Ådnanes, UiB

Main content

Kunstnaren Katrin von Lehmann var ved Geofysisk institutt i to månadar i 2014. Kunstutstillinga Shifting – an intervention at the Geophysical Institute and the Bjerknes Centre for Climate Research vart utstilt ved instituttet i 2015. Kunsten var inspirert av intervju ho hadde med forskarane, der dei forklarte ho kva dei dreiv med. 

– Dei aller fleste var raskt framme med krittet framfor tavla for å forklara. Det overraska meg litt at dei brukte ein analog måte å forklara vitskapen sin, men det inspirerte meg, sa von Lehmann. 

To av bileta frå utstillinga vart valde ut som gåve frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og vart delt ut av fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo. 

Instituttleiar Nils Gunnar Kvamstø takka for gåva, og var ekstra glad for å få eit minne om von Lehmann sitt opphald hjå dei. 

– Å ha Katrin her var givande for oss - ho utfordra oss og inspirerte oss, sa instituttleiaren.

Professor Thomas Spengler var delaktig i å invitere von Lehmann til instituttet. 

– Det er stort å få ha kunstverka hennar her. Eg gleder meg til å gå forbi dei kvar dag, sa Spengler.