Home
Faculty of Mathematics and Natural Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyheter

Kollektiv formidlings-suksess på nett

Kjartan JH Olafsson sine artiklar på Store Norske Leksikon er lesne over 79000 gonger. No vil han at fleire forskarar og undervisarar på fakultetet skal bidra.

Kjartan JH Olafsson
VIL HA FLEIRE MED: Kjartan JH Olafsson synst det er viktig at publikum får tilgang til rett og lettfatteleg informasjon om vitskap. Han oppfordrar fleire om å delta i dugnadsprosjektet Store Norske Leksikon.
Photo:
Jens Helleland Ådnanes

Main content

– Store Norske Leksikon (SNL) er ein viktig plattform for formidling. Mange skuleelevar nyttar det i samband med oppgåver, og då er det viktig at dei får rett informasjon, seier Kjartan JH Olafsson, førsteamanuensis ved Institutt for fysikk og teknologi.

Mange av elevane vitjar også Wikipedia for informasjon, og han ser ikkje noko gale med det. Men artiklane der kan gjerne verta litt for tunge reint fagleg, meiner han.

– Tekstane på SNL skal vera forståelege for eit breitt publikum, samstundes som dei er presise og vitskaplege. Ein må skriva på ein slik måte at ein ikkje skremmer nokon vekk, seier han.

Store norske leksikon er eit gratis og komplett oppslagsverk skrive av fagfolk. Nettstaden har to millionar brukarar i månaden og 250 000 leste artikler kvar dag. Leksikonet er eigd av dei norske universiteta og fleire ideelle stiftingar og organisasjonar.

Lest over tre millionar gonger

Olafsson er ein av dei 42 fagansvarlege frå Universitetet i Bergen ved leksikonet. Som fagansvarleg sørgjer han for at artiklar er oppdaterte og har den rette informasjonen. Då han vart spurt om å ta på seg arbeidet for nokre år sidan takka han straks ja.

– Vi er opptekne av fagfelta våre og likar å formidla, då kan ein ikkje seia nei. Det er litt arbeid med å vera fagansvarleg, men det er verdt det, seier han.

Det siste året er artiklane forskarar og undervisarar ved UiB har ansvar for lesne 3,3 millionar gonger. Olafsson sin mest lesne artikkel handlar om nordlyset. Artikkelen er lesen nærare 38 000 gonger. Han synst ikkje det er rart.

– Nordlyset er fascinerande og har vore veldig populært i media dei siste åra.

Til saman er artiklane han har ansvar for lesne av kring 79 000.

– Det tyder på at det er ei ganske stor ålmenn interesse for realfaga og det ein kan sjå i naturen. Då er det viktig at ein lett finn informasjon på nettet som er kortfatta, men som likevel viser den store samanhengen, seier Olafsson.

Vil ha faktadugnad

7. september inviterer rektor Dag Rune Olsen og SNL til seminar i Muséplassen 1. Alle som bidreg til leksikonet i dag, og alle som kan tenka seg å bidra til å styrke den største nettstaden for forskingsformidling i Noreg, er velkomne til å delta.

Olafsson vil gjerne ha fleire med på laget.

– Mange sit med mykje og brei kunnskap om sitt fagfelt, og eg trur fleire og fleire ser det positive i å formidla kunnskapen sin. Ved å jobba med artiklar på denne måten ser ein fagfeltet sitt litt utanfrå, og det trur eg er bra. Ein vert betre i stand til å svara på spørsmål om fagfeltet sitt og flinkare til å forklara på ein måte fleire kan forstå, seier han.