Home

K.G. Jebsen Centre for Deep Sea Research

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyheter

LoCH NESs prosjektet har startet!

Sommaren 2017 vart det satt ut langtidstemperatur sensorar, trykkmålar, strømningsmålarar og seismometer for å sjå korleis naturlige fysiske prosessar, som for eksempel tidevatn og mini-jordskjelv, påverkar permeabiliteten under Lokeslottet hydrotermale område.

Next

temperature_probe.png

Temperatureprobe
1/2

deploying_a_current_meter.png

Current Meter
2/2
Previous

LoCH NESs (Loki’s Castle Hydrothermal iN-situ Experiments og Surveys) prosjektet fokuserer på forståinga av undergrunnens fysiske forhold, mønster av veskestrømmingar og fluksar i Lokeslottet sitt hydrotermale felt. Vårt mål er å bruke naturlige fysiske prosessar (f.eks. tidevatn, mini-jordskjelv) til å undersøkje permeabiliteten under Lokeslottet hydrotermale område, for til slutt å gjøre estimat av varme, masse og kjemiske fluksar. For å gjennomføre dette vart det sommaren 2017 satt ut langtids temperatur sensorar, strømningsmålarar, trykkmålar og seismometre (Ocean Bottom Seismometers (OBS)). Dette for i) å undersøke effekten som tidevann har på det hydrotermale systemet, og ii)  undersøke dynamiske endringar i hydrotermal sirkulasjon og samspelet mellom veskestrømminga og undergrunnsprosessar - som til eksempel jordskjelv. I tillegg utførte me vårt fyrste systematiske fotoundersøking av området ved å utføre kartlegging med bruk av både høg-oppløyseleg batymetri og  bildemosaikk. Dette blei utført for å gi ein geologisk kontekst til fysiske og kjemiske målingar av vesker og anna prøvetaking, og for å kople vårt nettverk av instrumenter med økologiske og mikrobiologiske observasjonar. Til slutt filma me hydrotermal veskeutrømning. Desse videoane vil bli prosessert og analysert for å estimera raten og massefluksen til dei ventilerande veskene. Estimata kan seinare bli kopla til temperatur og areal av hydrotermal utstrøyming og til geokjemiske målingar, for dermed å kalkulera kjemiske fluksar av viktige element relatert både til danning av malm (f.eks. Cu og Zn) til karbonsyklusen (f. eks. CO2 og CH4).