Home

News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
FRIPRO-Toppforsk

Tre UiB-prosjekt får forskingsmillionar

Prosjekta får kvar mellom 15 og 25 millionar kroner over fire til fem år. Toppforsk-midla skal bidra til å gjere forskingsmiljøa internasjonalt leiande.

stillehav.jpg

Stillehavet
HAVPROBLEMATIKK: Kva som skjer når heile statar i Stillehavet forsvinn i havet, er eitt av dei tre forskingsprosjekta ved UiB som får støtte gjennom FRIPRO-Toppforsk 2.

FRIPRO Toppforsk-tildelinga er andre del av Toppforsk-initiativet frå Forskningsrådet. Det første, i 2016, fordelte 1 milliard kroner, medan del 2 er på ein halv milliard.

- Regjeringa satsar langsiktig på å bygge opp verdsleiande fagmiljø her i landet, og dette er av ei av prioriteringane i vår langtidsplan for forskning. Derfor la vi inn ein vekst til FRIPRO i Statsbudsjettet for 2018 for å få til dette. Eg ser fram til å sjå resultata av Fellesløftet om nokre år, seier forskningsminister Iselin Nybø.

Tre UiB-prosjekt

Til saman 24 forskningsmiljø får tildeling gjennom Toppforsk 2. Tildelinga er eit spleiselag mellom universiteta eller andre forskningsinstitusjonar og Kunnskapsdepartementet sine middel via Forskningsrådet. Av dei 24 miljøa som får tildelingar no, er tre direkte under UiB.

Havstatar som druknar

Kva skjer når heile nasjonar forsvinn på grunn av klimaendring? Kva om dei til dømes druknar i havet, slik som fleire øystatar i Stillehavet er i ferd med? Dette er temaet for Mare Nullius-prosjektet til antropologen Edvard Hviding

Prosjektet vil gjennom ei svært tverrfaglig tilnærming forske på korleis lokale og regionale tilhøve samhandlar globalt med øybuarane sine oppfatningar, ambisjonar og politiske strategiar. Prosjektet vil inkludere problemstillingar og perspektiv frå naturvitenskap, jus, samfunnsvitenskap og humaniora.  

Hviding har i ei årrekke engasjert seg i Stillehavet og bærekraftsspørsmål er sentral når februar er UiB vertskap for en nasjonal konferanse der universitets- og høgskulesektoren skal diskutere sektorens rolle i implementeringa av FNs bærekraftsmål.

Når kart og terreng ikkje stemmer

Den anerkjende hjerneforskaren Karsten Specht får middel til sitt prosjekt «when default is not default». Dette tek for seg den såkalla «replikasjonskrisa» innanfor psykologi, dvs. problemet med manglande reproduserbarheit av psykologiske forskingsfunn. Dette handlar om at når forskarar prøver å gjenta tidlegare forskningsstudier, altså «å replikere» studia, klarar dei ofte ikkje å finne dei same resultata.

Fokuset er på funksjonell MRI (fMRI), dvs. MR bildedannings-metodar der ein ser på fysiologi eller funksjon i hjernen, fordi det er blitt peika på at slike studier oftast har for lav statistisk kraft til å trekke konklusjonar, at effektane ofte er små, at det er ei rekke urapporterte val som vert tekne i analysen, og at nokre av dei statistiske metodane har svakheiter. Prosjektet skal både gje meir kunnskap om dei underliggande nevrobiologiske mekanismane for fMRI-signalet/målinga, og bidra til å gjere analysering av dette meir robust og reproduserbart.

Specht har vore ein del av fMRI-gruppa ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi , som mellom anna har funne metodar for å betre diagnostisere og behandle slagpasientar. 

Algoritmer er oppskrifta

Michael Fellows, professor ved Institutt for informatikk vart tilsett ved UiB gjennom “Toppforsk”-programmet, finansiert av den norske regjeringa og Bergen Forskningsstiftelse (BFS). No får han på ny Toppforsk-middel til forskinga si.

Fellows er anerkjent som grunnleggjar og leiar av den relativt nye greina av informatikk, kalla ”parametrisert kompleksitet”. Denne disiplinen undersøkjer den ibuande problematikken i korleis it-problem kan modellerast og løysast med algoritmar, anten i teori eller praksis.

Prosjektet til Fellows heiter "Parameterized Complexity for Practical Computing".

I denne artikkelen forklarer han meir effektive algoritmer og sin kjærleik til matematikk.

Vitnar om bredde

- Tildelingane viser at universitetet har sterke forskarar i eit bredt sett av miljøer. Frå informatikk til medisin og sosialantroplogi, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen. Han peiker særskilt på Edvard Hvidings sosialantropologiske forskning på klima og migrasjon.

- Dette illustrerer ei tverrfaglig tilnærming til klimaendringa. Slik fell det også inn under eit av Universitetet sine heilskaplege fokusområder. Prosjektet har også elementer i seg av vitskapsdiplomati, ei fagleg tilnærming vi er opptatt av å kunne styrke som én ny måte å ta i bruk kunnskap på.

Prosjektet har klare band til sentrale satsingar ved UiB. UiB sine tre satsingsområder er: marin forskingglobale samfunnsutfordringar samt klima og energiomstilling. Desse er vedtekne i strategien for universitetet. 

Fleire millionar til Bergen

Av dei 24 miljøa som no får tildeling i Toppforsk 2, er tre direkte under UiB, men også tre andre forskningsmiljø som UiB arbeider tett med får middel. Desse tre er:

  • Jerry Tjiputra ved Uni Research Klima 
  • Cecilie Svanes ved Helse Bergen med prosjektet «Preconception exposures and related epigenetic mechanisms in asthma and allergies” 
  • «Childhood gap, Parenting Styles and Life Time Inequality» ved Norges Handelshøyskole.

- Vi er sjølvsagt særskilt glad for dei tre tildelingane som er retta mot våre eigne forskere. I tillegg er Universitetet dypt inne i Cecilie Svanes prosjekt innen medisin, seier rektor Olsen og legg til at det er svært gledeleg at ein tredel av alle tildelingane går til forskingsmiljø i Bergen. - Det viser forskningskvaliteten og at det er sterke miljø her i byen.