Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Disputas

Børstemakk frå varme og kalde kjelder i djuphavet

Mari Heggernes Eilertsen disputerer fredag 16. mars 2018 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Evolutionary history, connectivity and habitat-use of annelids from deep-sea chemosynthesis-based ecosystems, with an emphasis on the Arctic Mid- Ocean Ridge and the Nordic Seas".

Main content

Djuphavet er generelt næringsfattig, men ved varme kjelder, kalde gassoppkomme og organiske nedfall finnes det økosystem som er basert på energi frå kjemosyntese. Mange av dyra som lever der er avhengig av denne næringskjelda, og kan ikkje leve andre stader. Sjølv om det har vore mykje forsking på dyr som lever i kjemosyntesebaserte økosystem sidan desse blei oppdaga på 1970-tallet, er det framleis mykje vi ikkje veit om evolusjonshistoria og utbreiinga til desse artane. 

I doktorgradsarbeidet sitt har Mari Heggernes Eilertsen studert børstemakk, ei av dei vanlegaste dyregruppene i kjemosyntesebaserte økosystem. Avhandlinga har eit spesielt fokus på kjemosyntesebaserte økosystem i nordiske farvatn, mellom anna Lokeslottet, ei varm kjelde på den arktiske midthavsryggen, og muddervulkanen Håkon Mosby i Barentshavet. 

I avhandlinga blir to nye artar børstemakk i familien Ampharetidae frå Lokeslottet skildra. Ved hjelp av DNA-baserte slektskapsanalysar av desse artane og artar i same familien frå andre stader i verden har Heggernes Eilertsen kartlagt evolusjonshistoria til Ampharetidae. Resultata syner at tilpassinga til kjemosyntesebaserte økosystem har skjedd fleire gonger innan familien, og det har vore relativt mange evolusjonære skift mellom ulike habitat. 

Ved hjelp av DNA-analysar har Heggernes Eilertsen vist at to av dei vanligaste børstemakkane på Lokeslottet og Håkon Mosby, skjeggbæraren Sclerolinum contortum og bambusmakken Nicomache lokii, har ei utruleg vid utbreiing. Dei finst heilt frå Arktis, via Mexicogulfen og Barbados, til Antarktis, og den genetiske variasjonen er overraskande låg mellom populasjonane, trass den store avstanden.

Samla sett syner avhandlinga at børstemakkane frå Lokeslottet har meir til felles med børstemakk frå kalde gassoppkomme og organiske nedfall enn frå andre varme kjelder. Det er óg ei tydligare tilknyting mellom Lokeslottet og økosystem i Atlanterhavet enn tidligare antatt.

Personalia
Mari Heggernes Eilertsen (f. 1987) kjem frå Førde i Sunnfjord, og tok bachelorgrad i biologi og mastergrad i marinbiologi ved Universitetet i Bergen (2012). Doktorgradsarbeidet har vore gjennomført ved Institutt for biovitskap og Senter for Geobiologi/K.G. Jebsen senter for djuphavsforsking under rettleiing av Hans Tore Rapp. Manuel A. E. Malaquias og Jon A. Kongsrud ved Universitetsmuseet i Bergen har vore medrettleiarar.