Home

The Grieg Academy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Studieretning tradisjonsmusikk

Studieretning tradisjonsmusikk

Her finner du informasjon om opptakskrav, opptaksprøver og opptaksrepertoar til studieretning tradisjonsmusikk.

Bachelorstudiet utøvande musikk eller komposisjojn, studieretning tradisjonsmusikk, er eit studietilbod i samarbeid med Ole Bull Akademiet på Voss. Studiet er for deg som vil fordjupe deg i ein folkemusikktradisjon og er tufta på den tradisjonelle opplæringa i folkemusikken, med individuell undervisning hjå ein eller fleire tradisjonsberarar som viktigaste del. I tillegg er det studiesamlingar på Ole Bull Akademiet på Voss ca. ei veke i månaden.

I det unike akademi-miljøet på Voss undervisar nokre av landets fremste folkemusikarar, fast eller som gjestelærarar. Delar av studieopplegget er felles tilbod med Griegakademiet. Det er opning for opphald i utlandet i løpet av studiet, t.d i andre nordiske land.

I studieplanen blir det vist til studenten sin eigen tradisjon. Med det meiner vi den tradisjonen studenten ved opptaket har gjort til sin eigen - det trengs således ikkje vere den rådande tradisjonen på studenten sin heimstad. Studiet vil gi gode høve til arkivstudium, så studentar som treng det kan finne meir materiale i eigen tradisjon.

Hardingfelebygging

Innafor bachelorstudiet i tradisjonsmusikk er det mogleg å ta valemne i hardingfelebygging frå andre studieår. Dei 3 siste studieåra vil desse valfaga utgjere halve studiet, 30 studiepoeng kvart av åra. For å kunne ta valemnegruppa skal studenten gjennom eit innlevert arbeid (instrument eller trearbeid) ha vist gode evner for felebyggjarfaget. Det første studieåret er det høve til å få ei uformell innføring i faget hjå felemakaren på Ole Bull Akademiet. Fullført studieløp vil gjere studenten i stand til å spesialisere seg vidare i felebygging på høgt nivå.

Søk til Bachelorprogrammet i utøvende musikk her: Søknadsweb

Opptakskrav

Generell studiekompetanse (GSK) og opptaksprøver.
Du må gjennomføre og bestå opptaksprøve på hovedinstrumentet ditt for å kvalifisere deg for opptak.

Opptaksprøve

Utøvande studier har musikkfaglig opptaksprøve. Opptaksprøvane finn stad på Ole Bull Akademiet på Voss i uke 10 2018. Du vil motta ein innkalling til prøvespel med informasjon om tid for ditt prøvespel.

På opptaksprøvane vil det vere ein jury beståande av faglærarar innafor instrumentgruppa og ein studentrepresentant. 

Ved søknaden skal det leggjast ei repertoarliste med 90 minutt spel eller 60 minutt song (kveding), med eit godt og breitt utval av ulike slåttetypar/vokalgenrar innanfor folkemusikk.
Repertoarlista lastas opp i søknaden på søknadsweb innan 15. desember.

Det krevst sers gode evner som utøvar og god tradisjonskunnskap for å kome inn på studiet. Opptaksprøvane er samansatt av to delar:

  • Prøvespel/-song
    Det skal fremførast 5 nummer frå repertoarlista som ble lagt ved søknaden. 3 av desse velger søkjaren sjølv. Opptakskomiteen vel så 2 nummer frå lista. 
  • Intervju
    I intervjuet skal søkjaren få høve til å utdype eigen bakgrunn, motivasjon og planar for studium og framtidig yrke, og eventuelt kunnskap om eigen tradisjon eller andre emne med tanke på individuell tilpassning i studiet. Søkjaren kan og stille spørsmål om studieopplegg o.l. I vurderinga av søkjarane blir det lagt størst vekt på den musikalske framføringa, i tillegg til tradisjonskunnskap og motivasjon for studiet.

Søkjarar som etter opptaksprøvane blir funnet godkjent for opptak vil informeras om dette. NB: Godkjent opptaksprøve er ikkje eit tilbod om studieplass.

Tilbod om studieplass vert publisert i Søknadsweb kort tid etter gjennomførte opptaksprøver. Du må svare på tilbodet om studieplass i Søknadsweb seinast 1. april.

Kontakt

Ved spørsmål om opptak og søknadsprosess, ta gjerne kontakt på epost: opptak@kmd.uib.no

Ved spesifikke spørsmål til studiet ved Ole Bull Akademiet, ta gjerne kontakt på e-post: oba@olebull.no