Home

Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Oppstartseminar for ph.d.-kandidatar

Oppstartseminaret er ein sosialiserings- og informeringsdag for nye ph.d.-kandidatar ved Det humanistiske fakultet.

startdagHF2013.png

Ei forsmaling med folk på seminar
Photo:
Magnus Halsnes

Oppstarseminaret finn stad 1-2 gongar i året, som regel i haustsemesteret, og er eit samarbeid mellom HF og STIP-HF, som er ph.d.-kandidatutvalet ved Det humanistiske fakultet. Ansvaret for dagen ligg hos fakultetet sitt forskings- og forskarutdanningsutval (FFU), som normalt vil utnemne eit eige startdagutval for føremålet.

Måletsetnaden er å skape eit møtepunkt og ein arena for informasjon og spørsmål knytt til rolla som ph.d.-kandidat ved Det humanistiske fakultet. Programmet vil kunne by på presentasjonar, føredrag og debattar til nytte for både nye ph.d.-kandidatar og rettleiarane deira.

Invitasjon vil bli sendt ut i eigen e-post.