Home
Education

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny student

Studentbyen e` Bergen

Bergen fått rykte på seg for å vere Noregs ultimate studentby. Og det med god grunn: Universitetsbyen mellom dei sju fjell har alt å tilby studentar – heile året gjennom.

Studentbyen

Main content

Ungdomar frå hele Noreg vel Universitetet i Bergen når dei skal studere. Å velge Bergen som studiestad byr på fordelar: UiB ligg midt i sentrum av ein levande studentby. Som UiB-student får du ei ypparlig utdanning fundert på solid kompetanse og i tillegg har Bergen eit variert tilbod av kultur og aktivitetar tilgjengeleg for deg.

Kulturbyen Bergen

Det Akademiske Kvarter, eller Kvarteret som det kallast blant studentar er opent for studentar heile året gjennom. I dette treetasjes huset lokalisert midt i bykjernen utfaldar studentar i ulike organiserte grupper sin kreativitet i alle tenkelige retningar. Om sommarmånadane kallast det Sommarkvarterteret, men ved semesterstart er det tilbake til normal drift.

Mange studentar vel å engasjere seg i ein studentorganisasjon ved sidan av studia. I studentkulturen kan du jobbe som frivillig og få kompetanse på akkurat det som interesserer deg, samtidig møter du studentar som delar dine interesser. I studentmiljøet kan du bidra innan utallige interessefelt som for eksempel:

Vere reporter i Student-TV, styre lys og lyd på konsert, eller spele teater med teatertruppen Immaturus. Moglegheitene er mange i eit studentmiljø prega av engasjerte studentar.

Studentby på sitt beste

Studentane set sitt preg på Bergen. Mange studentar bur i sentrum, der dei studerar og tilbringer fritida si. Samtidig er bykjernen akkurat passe stor til at ein kan gå til dei fleste destinasjonar. Du er aldri langt unna konserten, Kvarteret, treningssenteret eller kollektivet til studiekompisen din.

Om du er glad i friluft kan du hoppe på sykkelen eller ta bybanen og på få minutt vere ute av sentrum. Her finn du mange fine turløyper i vakker vestlandsnatur. Det er definitivt ein liten godbit for deg som er glad i naturen.

Idyll i sommarsol

Når sommaren tek over og det vert grønt i fjellsida mot Fløyen, er det berre å finne fram solbrillene og få med seg nokre obligatoriske bergensaktivitetar:

Då kan du stupe i havet frå tuppen av Nordnesparken, nyte solksinet i den idylliske Botanisk hage, eller gå over vidda mellom Fløyen og Ulriken. Fjellturen vil gje deg fantastisk utsikt – over Noregs vakraste studentby.