Home

Faculty of Mathematics and Natural Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Godkjenning av utvekslingsopphaldet ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet

Utvekslingsopphaldet er ein del av graden din. Du som skal reise på utveksling må søkje om førehandsgodkjenning av delstudiet før du reiser og endeleg godkjenning når du har fått resultata frå det utanlandske universitetet.

Før opphaldet: Førehandsgodkjenning

Førehandsgodkjenninga gir deg ein garanti for at det du studerer i utlandet kan inngå i den norske graden din. Det gir deg og ei vurdering av kor mange studiepoeng faga du har valt svarar til 30 studiepoeng. Lånekassa krev at du har førehandsgodkjenning for 30 studiepoeng per semester du skal vere ute før du reiser. Reiser du på ein ERASMUS-avtale må du og levere Learning agreement for ERASMUS-utveksling i tillegg til førehandsgodkjenninga.

Etter opphaldet: Endeleg godkjenning av delstudiet

Etter utdanningsopphaldet må du søkje om endeleg godkjenning av delstudiet for å få emna du har tatt inn i utdanningsplanen din.

For at søknaden skal bli behandla må fylgjande dokument leggjast ved:

  • Karakterutskrift (kopi) frå ekstern lærestad
  • Emneskildringar for ikkje-førehandsgodkjente emne

For å bevise gyldigheita av den tidlegare utdanninga di må du leggje fram original karakterutskrift i Infosenteret for Realfagsstudentar. Dersom karakterutskrifta frå utveksling vert sendt direkte til UiB treng du ikkje kome til infosenteret.