Home

Faculty of Mathematics and Natural Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
PÅ VEG 2017

PÅ VEG: Kva er målet med studiet ditt?

Denne veka arrangerar vi informasjonsveka PÅ VEG. Her vil du få mykje nyttig informasjon om karrieremoglegheiter, utveksling og masterprogram.

studentar.png

Studenter, en gutt og en jente, sitter på infomøte
Photo:
Emil W. Breistein

Måndag 16. oktober - KICK OFF for PÅ VEG

Få viktig informasjon om eksamen og PÅ VEG. Føredrag om studie- og karriereplanlegging.

TIDKVAKOR
Kl. 09.15-10.00Alternativ 1Auditorium 1, Realfagbygget
Kl. 14.15-15.00Alternativ 2Auditorium 1, Realfagbygget

Tysdag 17.oktober - Tenk karriere!

  • Kl. 10.00-15.00 Karrieredagen i Grieghallen
    Springbrettet arrangerar også karrierdag i Grieghallen i dag, bruk gjerne høve til å besøke karrieredagen før samlinga i klassen eller undervegs gjennom dagen når du ikkje er på infotorg eller på MIN VEG-føredag. Me anbefaler alle nye studentar å prioritere infotorg og MIN VEG-føredrag sidan det er mest relevant, men kombiner gjerne begge arrangement dersom du har moglegheit til det.
     
  • Kl. 11.00–12.00 Samling i klassane (gjeld berre førsteårsstudentar)
    Du som er ny student skal saman med resten av klassen din jobbe aktivt med din eigen studie- og karriereplan. Det er viktig at du er bevisst på dine eigne mål med studiet – det vil hjelpe deg til å halde motivasjonen opp gjennom heile studiet. Sjå kalender i Mitt UiB og skilting i Realfagbygget for kva rom du skal møte i.
     
  • Kl. 11.45-14.00 Infotorg
    Infotorg i U. etg. og 1. etg. i Realfagbygget. Her vil du møte institutt og avdelingar på UiB, bransje- og interesseforeningar, og fagutval. Bruk høvet til å stille spørsmål og få vite meir om dine moglegheiter til å engasjere deg under studiet eller få deg relevant deltidsjobb!
     
  • Kl. 12.00 Utdeling av Undervisningsprisen
    I vrimelearealet i 1. etg. Her blir det også servering av bollar og jus.
     
  • Kl. 12.30–14.30  ”Min veg”-føredrag i Realfagbygget
    I dette tidsrommet vert det 4 parallelle sesjonar med ulike føredrag, i Aud. 1-4 i Realfagbygget. ”Min veg”-føredraga er tidlegare studentar som fortel om si studietid og nåverande jobb. Det vil vere eit føredrag for meste kvart bachelorprogram - bruk sjansen til å høyre om andre sine erfaringar og tips for eit godt studieliv.
     
  • Vurderer du å bli lærar?
    Etter MIN VEG-føredraget om lærarutdanninga kl. 14.00 vil studierettleiar kort informere om korleis ein kan utdanne seg til realfagslærar ved UiB.

Kl.

Auditorium 1Auditorium 2Auditorium 3Auditorium 4
12.30BiologiFysikk/Medisinsk teknologiPetroleum- og prosessteknologi 
13.00MolekylærbiologiMatematikk/StatistikkKlima, atmosfære- og havfysikkHavbruk og sjømat/Fiskehelse
13.30Geovitenskap  Havteknologi
14.00InformatikkNanoteknologi/KjemiLærarutdanningaEnergi
  • Kl. 14.30 i Auditorium 2: Fordelar med ein mastergrad
    Fakta og statistikk om arbeidsmarknaden for realister
    Sammen
     
  • Kl. 14.45 i Auditorium 2: Frå bachelorstudent til masterstudent
    Alt du trenger å vite om søknadsprosessen til masterprogram
    Ingrid Solhøy og Hege Ommedal, MN-fakultetet og Kjemisk institutt/Nanovitenskap

Onsdag 18. oktober - Reis ut!

Du trenger ikkje å ta heile utdanninga di på UiB! Vi har tilrettelagt for delstudier på UNIS og på samarbeidsuniversitet rundt om i verden. Studentar som har gjort disse vala kjem for å dele sine opplevingar.

  • Kl. 14.15 - 15.00, Auditorium 2: Delstudier i utlandet

I tillegg til informasjon om alt det praktiske rundt å reise på utveksling vil du få høyre erfaringar frå studentar. Du vil og få faglege argumentar for å reise på utveksling frå professor Helge Drange.

  • Kl. 15.15 - 16.00, Auditorium 2: Studieopphold på Svalbard

Torsdag 19. oktober - Få gode studievanar!

Kurs i studieteknikk. Rådgjevarar frå Sammen gir deg tips til korleis du kan strukturere kvardagen din og førebygge eksamensstress. 

  • Kl. 12.15-13.00, Auditorium A, Auditoriefløyen

Kurset var svært populært i fjor!

Mastermøter - Få meir informasjon om kvart enkelt masterprogram!

Alle studentar er velkomne på informasjonsmøtet til dei ulike institutta - uavhengig av kva studieprogram du går på og kva semester du er på! Studentar frå andre fakultet og utdanningsinstitusjonar som er interesserte i å ta ei mastergrad ved MN-fakultetet er også velkommne!

STUDIEPROGRAMDATOTIDSTAD
Felles masterprogram i programutvikling26.1014:15Stort Aud. Datablokken, HIB
Master i anvendt og utrekningsorientert matematikk23.1012:15Aud. 4, RFB
Masterprogram i biologi27.1013:00K1-K2, Biologen
Masterprogram i energi03.1112:15Aud. 105, GFI
Masterprogram i fysikk26.1012:00Bachelorrommet, IFT
Masterprogram i geovitskap20.1012:00Aud. 5, RFB
Masterprogram i informatikk26.1014:15Stort Aud. Datablokken, HIB
Masterprogram i kjemi19.1016:15Integrerbar
Masterprogram i matematikk23.1012:15Aud. 4, RFB
Masterprogram i meteorologi og oseanografi27.1012:15Aud. 105, GFI
Masterprogram i molekylærbiologi18.1010:15N-terminalen - HIB 5. etg. 520B1
Masterprogram i nanovitskap26.1016:15Aud. 5, RFB
Masterprogram i petroleumsteknologi23.1014:00Bachelorrommet, IFT
Masterprogram i prosessteknologi23.1014:00Bachelorrommet, IFT
Masterprogram i statistikk23.1012:15Aud. 4, RFB
Infomøte om praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)17.1014:00Aud. 3, RFB

Posterutstilling - Få oversikt over alle masterprogramma ved MN-fakultetet!

I perioden 16. til 27. oktober vil det stå ei posterutstilling med ein oversikt over alle masterprogramma ved fakultetet i vrimlearealet i 1. etg., Realfagbygget.

Programmøte 2 - For studentar som begynte hausten 2017!

I løpet av På Veg-veka og dei påfølgande to vekene er det tid for nytt programmøte for alle studieprogramma ved fakultetet. Studierettleiar vil komme med mykje nyttig informasjon om korleis vegen går vidare etter første semesteret ved UiB. Du vil få informasjon om korleis du skal semesterregistrere deg, undervisnings- og vurderingsmelde deg og eksamen. Kva valemner bør du ta i løpet av graden, bør du dra på utveksling og kva mogleheiter har du mot Mastergrad?

BachelorprogramDATOTIDSTAD
Bioinformatikk30.1009:15Stort Aud., HIB
Biologi02.1112:00Aud. A, Allégaten 66
Datasikkerhet30.1009:15Stort Aud., HIB
Datateknologi01.1109:15Stort Aud., HIB
Datavitenskap30.1009:15Stort Aud., HIB
Fysikk26.1012:00Aud. A, Allégaten 66
Geovitenskap06.1110:15Aud. 5, RFB
Informatikk - Matematikk - Økonomi01.1109:15Stort Aud., HIB
Kjemi31.1016:15Tripletten (3069)
Klima, atmosfære- og havfysikk30.1014:15Rom 4020, IFT
Matematikk09.1108:30Aud. 4, RFB
Matematikk for Industri og Teknologi09.1108:30Aud. 4, RFB
Molekylærbiologi20.1112:15Inkubatoren, MBI
Nanoteknologi02.1110:15Tripletten
Petroleum- og prosessteknologi08.1114:00Bachelorrommet, IFT
Statistikk07.1112:15Aud. 4, RFB
Integrerte Masterprogram
Aktuarfag07.1112:15Aud. 4, RFB
Energi20.1114:15Rom 292, IFT
Havteknologi06.1114:15Rom 292, IFT
Medisinsk Teknologi14.1110:15Rom 366, IFT
Fiskehelse09.1112:15K1, Biologen
Havbruk og Sjømat01.1110:00Konferanserom B, VilVite
Lektorprogrammet17.1011:00Aud. 2, RFB

Undervisningsprisen 2016/17

Undervisningsprisen er oppretta etter ønske frå fakultetet og studentane  om å premiere gode undervisarar som evnar å inspirere til fagleg engasjement blant studentane, anten som enkeltundervisar eller som ei undervisningsgruppe samansett av fleire undervisarar.

Det er fagutvala ved dei ulike institutta som sender inn nominasjonar av aktuelle kandidatar.  Ein komité samansett av representantar frå Realistutvalet og fagutvala i tillegg til dekanen kårar ein vinnar. Prisen blir delt ut i samband med opninga av PÅ VEG-arrangementet tysdag 17. oktober kl. 12.00.

Meir informasjon om dei nominerte til prisen kjem.