Home

New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
ny doktorgrad

Kritisk låg tilgang på kyndig fødselshjelp i Zambia

Selia Ng’anjo Phiri disputerer 8. desember 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Maternal health care services in Zambia – access barriers to facility childbirth and unmet obstetric need”.

Kvinner som døyr i barnefødsel er eit stort folkehelseproblem i store delar av verda. Ei vesentleg årsak til dette er at kvinner ikkje har tilgang til eller ikkje gjer bruk av kyndig fødselshjelp.Dette forskingsarbeidet sikta mot å bygga ny kunnskap om sosioøkonomiske, kulturelle og organisatoriske forhold som er med på å forklara kvinners manglande tilgang på slik kompetanse.

Avhandlinga inngår som ein del av eit EU-finansiert prosjekt (REACT) om prioriteringar innan distriktshelsetenesta i utvalde distrikt i Kenya, Tanzania og Zambia. Denne studien er hovudsakleg bygd på data frå Zambia og har nytta både kvantitative og kvalitative forskingsmetodar.   

Studien viser at tilgang på kyndig hjelp ved fødsel var svært urettferdig fordelt både geografisk og sosioøkonomisk. Andelen heimefødslar utan kyndig fødselshjelp var på over 60 prosent i rurale versus 20 prosent i urbane område av Zambia. Ved akutte eller livstruande tilstandar hadde kvinner busett i urbane område 5.5 gonger større sjanse for å få tilgang til akutthjelp ved ein helseinstitusjon, samanlikna med kvinner frå rurale område.

Den kvalitative studien som utforska erfaringar og oppfatningar hos kvinner og helsearbeidarar, viste ei manglande tiltru til hjelpeapparatet knytt til negative erfaringar frå tidligare fødslar. I tillegg verka både strukturelle forhold som avstand og fattigdom, og kulturelle forhold knytt til preferansar og risikoforståing inn på tilgang på og bruk av kyndig hjelp ved fødsel.

 

Personalia:
Selia Ng’anjo Phiri kjem frå Zambia. Ho har medisinsk utdanning og seinare master innan obstetrikk and gynekologi frå Universitetet i Zambia. Dr. Phiri har mellom anna praksis som gynekolog ved University Teaching Hospital in Lusaka. Dei siste åra har ho har vore doktorgradskandidat ved Senter for internasjonal helse, Universitetet i Bergen, med prof. Knut Fylkesnes, prof. Karen Marie Moland og prof. Torvid Kiserud som rettleiarar.