Home
International Researchers at UiB

Nynorsk for framandspråklege

Personalavdelinga tilbyr i samarbeid med Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar (LLE) eit innføringskurs i nynorsk for dei som ikkje har norsk som morsmål.

Main content

Målgruppe:
Framandspråklege tilsette (og ektefelle/partnar) med gode kunnskapar i norsk. Deltakarane bør ha fullført trinn 3 i norsk som andrespråk eller ha tilsvarande kunnskapar.

 

 Mål:
- å kjenne til viktige skilnader mellom bokmål og nynorsk
- å lese og forstå nynorske tekstar
- å skrive og omsetje (frå bokmål) enkle tekstar på nynorsk

 

 Innhald:
-
bakgrunn for nynorsk – språkhistorie på fem minutt
- nynorskens status: statistikk og aktuell språkpolitikk
- mangfaldet i språket – dialektprøver
- kva er skilnaden frå bokmål – systematisera trekk
- minigrammatikk i nynorsk og nokre oppgåver knytt til dette
- omsetjingsoppgåver frå bokmål til nynorsk

 

Kurshaldar: Universitetslektor Aasne Vikøy, LLE

 

Tid og stad:

Onsdag 8. april 2015  kl.12.15 - 16.00
Onsdag 15. april 2015 kl.12.15 - 16.00
Onsdag 22. april 2015 kl.12.15 - 16.00
Totalt 12 timar.

 

Kurset vert halde i Museplass 1, C.G. Sundts hus, møterom A/B

 

Meld deg på:

https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=1036242