Eternal life – Egyptian Mummies

Eternal life – Egyptian Mummies

The exhibition " Eternal life – Egyptian Mummies" presents mummies and object from Ancient Egypt.

Ein mumie er eit balsamert lik som har gjennomgått ein prosess slik at muskulatur og beinbygning ikkje har rotna ; lekamen si naturlege form er dermed teken vare på. Mumiane ligg til vanleg i ei måla kiste. På utstillinga kan publikum sjå to mumiar og eit kistedeksel.
Den eine mumien – som Bergen Museum fekk alt i 1828- er av prestedottera Teshemmin, som vart gravlagd mellom 525 og 350 f. Kr. Ho ligg sveipt i lin, noko av andletet er øydelagt. Kista er rikt dekorert med bilete og tekst, som fortel om foreldra hennar. Teshemmin var omkring 40 år då ho døydde, kanhende av engelsk sykje. Der er brot på hjerneskallen og på eit lårbein. Skadene vart truleg påførde lekamen ved balsameringa.
Den andre mumien med kiste og det tredje dekselet var gåver frå Fridtjof Sundt til museet i 1902, saman med mange av dei andre gravfunna som òg blir viste. Tanken bak balsameringa av lika var at mumiane skulle ha evig liv. Dei døde fekk dermed med seg ting som dei rekna som naudsynte og nyttige i reisa gjennom dødsriket og i det livet som skulle halda fram etter døden.


Under påsyn av Anubis, guden for balsamering, vart krukker med urter, harpiks og olje sette fram på benken der den døde låg. Med ein metallkrok vart hjernemassen dregen ut gjennom nasen og varm olje – ei blanding av harpiks og bivoks vart tømt inn i kraniet for å storkna der. Gjennom eit snitt på sida av magen vart lever, lunger, magesekk og tarmar fjerna. Desse vart kvar for seg vikla inn i linty og lagde i fire gravurner, kalla kanope, som er å sjå på utstillinga. Hjarta var staden for visdom, og vart liggjande urørt i kroppen. Den døde vart så dekt med natriumsalt. Etter 40 til 70 dagar var det meste av væska dregen ut av vevet og saltet vart fjerna. Kroppen vart så smurd med olje og krydder. Linty vart lagt inn i kroppen gjennom snittet på sida for å halda kroppsforma. Så vart den døde sveipt i lag med strimlar av linty.

Førsteamanuensis i antropologi, Frode Storås, som har laga utstillinga saman med professor Richard Pierce, UiB og formgjevarstudentane Marit Fidjestøl og Bine Lodden frå Kunsthøgskolen i Bergen.

Les mer om utstillinga på nett http://bergenmuseum.uib.no/nettutstillinger/egypt/