Hjem

Norsk som andrespråk

Kontakt

Fagkoordinator:
Ann-Kristin Helland Gujord, førsteamanuensis
e-post: Ann-Kristin.Gujord@uib.no
tlf.: +47 55 58 24 57

 

Studierettleiar:
e-post: studierettleiar@lle.uib.no

Norsk som andrespråk handlar om ulike sider knytt til det å lære norsk i Noreg, både språklege, psykologiske og sosiale. Ein fellesnemnar er at norsk språk blir sett utanfrå, frå perspektivet til dei som kjem flyttande med ein annen språk- og kulturbakgrunn.

Fagmiljøet i norsk som andrespråk ved UiB har spisskompetanse på fleire område. Forskinga her har særleg fokusert på kjenneteikn ved innlæring av ulike språktrekk og korleis morsmålet kan påverke tileigninga av norsk. Samtidig inkluderer forskinga i fagmiljøet også noko meir didaktisk forsking retta mot praktisk språkopplæring.

Møt oss

Åpen dag 2016

9. mars åpner vi dørene for deg som er interessert i å ta utdanning på universitetet. Møt fagfolk, se campus og få en følelse av hvordan det er å være UiB-student.

Jobbmoglegheiter


Eit studium av norsk som andrespråk gjev eit godt grunnlag for å undervise i norsk språk til personar i alle aldrar som flyttar til Noreg utan å ha norsk som morsmål. Studiet er dermed retta både mot undervisning i skulen og i vaksenopplæringa. Undervisninga i skulen kan skje i eigne undervisningstilbod for desse elevane, i den ordinære norskundervisninga og i undervisninga i andres skulefag.

Dersom ein fortset studiet med ei masteroppgave innan feltet norsk som andrespråk, kan det òg særleg opne seg moglegheiter for å få arbeid innan forsking og språktesting.  

På grunn av den breie språklege og kulturelle kompetansen faget gjev, er utdanninga også relevant for arbeid innan kulturformidling, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.