Hjem

Arabisk

Hovedinnhold

Kva rolle spelar det arabiske språket i arabisk presse og politiske konfliktar? Korleis blir arabisk identitet uttrykt gjennom språk i skriftlege medium? Kva utfordringar møter muslimar i vestlege samfunn?

 

Fagkoordinator: Ludmila Ivanova Torlakova
Studierettleiar: Robert Graff Bakkevold
Eksamenskonsulent: Turid Daae

 

Det arabiske språket er inngangsporten til ei ny og spennande verd, og det gir direkte innblikk i ein stadig meir aktuell kultur, som i stor grad er fundert på ein annan religion og tenkjemåte. Tilhøvet mellom Vesten og den arabiske kulturen blir ofte opplevd som ein konfrontasjon med uløyselege problem, men samstundes opnar møtet mellom dei to kulturane opp for både kulturelt og kommersielt samarbeid. Gjennom studiet av arabisk får du spisskompetanse, som i kombinasjon med andre fagområde kan gjere deg attraktiv på arbeidsmarknaden.

arabisk
Bilde av ung kvinne med Sydneshaugen skole i bakgrunnen

Arabisk – et viktig verdensspråk

Yasmin er student på bachelorprogrammet i arabisk og forteller hvorfor hun har valgt å studere arabisk.  

Picture of a mosque

Visste du at ...

Moderne standardarabisk er det sjette offisielle språket i FN. Likevel har ingen standardarabisk som sitt morsmål. Arabarar snakkar alle dialekt og må lære standardarabisk på skolen, fordi det vert brukt som eit fellesspråk for arabarar og muslimar frå heile verda.