Hjem

Italiensk

Yrkesvegar

Lærte «napolitansk» som vaskehjelp - vann omsetjarpris 30 år seinare

Kristin Sørsdal vann i 2016 både Målprisen og Kritikarprisen for omsetjingane sine frå italiensk til nynorsk. Mest kjend er ho nok for å ha omsett Elena Ferrantes «Napoli-kvartetten», men ho har òg omsett andre italienske forfattarar, samt gjeve ut eigne bøker.

sorsdal_2017_farge_av_pernille_blafjell_walvik.jpg

Kristin Sørsdal
Foto:
Pernille Blåfjell Walvik

– Eg drog ut i Europa som 19-åring, fekk meg jobb som vaskehjelp, og slik lærte eg meg «napolitansk». I byrjinga sleit eg med å skilje dialekt frå standardspråk, og då eg året etter byrja på L'Orientale, universitetet i Napoli, sleit eg veldig med det innfløkte og omstendelege akademiske språket.

Sørsdal har i mange år arbeidd som norsklærar for flyktningar og innvandrarar i Bergen. Ho har også skrive eigne bøker. Det var fyrst 15 år etter avslutta mastergrad at den tidlegare italienskstudenten byrja å bruke italiensk i yrkeslivet. 

– Inntil nyleg, 30 år etter at eg lærte meg italiensk og 15 år etter at eg tok master, har ikkje italienskevnene mine opna andre dører enn dei til nye vennskap og moglegheit for å orientere meg lett i Italia, og delvis i Spania og Frankrike. På midten av 2000-talet byrja eg å presse på for å omsetje litteratur frå italiensk, og i 2014 kunne eg endeleg tene litt pengar på italiensken min i og med omsetjingane av bøkene til Elena Ferrante.

Frå italiensk til nynorsk

Når det gjeld det å omsetje frå italiensk til nynorsk trekk Sørsdal fram kontrastane mellom dei to språka.

– Det som truleg gjeld for alle er at ein somme tider må kutte ut ein del overflødige ord når ein omset til det meir minimalistiske nynorsk. Nokre gonger kan det italienske bli for ordrikt og omstendeleg på norsk.

Interessa for Italia og særskild Napoli kjem hjå omsetjaren mellom anna frå det mangfaldige samfunnet og det ekspressive språket.

– Eg synest å hugse at eg har lese ein stad at Italia er som eit sosiologisk laboratorium. Dessutan er det lettare å elske (og å vere rasande) på italiensk eller på den italiensken eg har mest kontakt med, den frå Napoli, enn på norsk. Eg synest sjølvsagt også at italiensk kling svært bra og at det er eit språk det er godt å ha i munnen. Som talespråk har det mange ekspressive kvalitetar. 

Italia – ikkje berre gamle klassikarar

Sørsdal peiker på at den europeiske samtida er vel så interessant som den gamle historia og litteraturen. Ein har til dømes politiske tilhøve med flyktnings- og grenseproblematikk som pregar det moderne italienske samfunnet. I tillegg har ein mykje spanande kultur, ikkje berre bøker, men òg film og musikk.

Når det kjem til å lære seg italiensk, vil ho tilrå å kombinere dette med sosialt engasjement.

– Studentane bør dra til andre stader enn Perugia og Firenze for å lære seg italiensk, kanskje vere frivillig flyktninghjelpar i lag med andre italienarar på mottaka på Sicilia eller i Roma eller Milano. Eller rett og slett bu i Italia utan kontakt med for mange som snakkar norsk eller engelsk.