Hjem

Klassiske fag

film

Studer klassisk filologi

På klassisk filologi – studiet av latin og gresk – får du språk, kultur, arkitektur, historie og litteratur i ett.

Studer klassisk filologi i Bergen

Kvifor er Det nye testamentet skrive på gresk? Kvifor må moderne legar og naturvitarar kunne latinske og greske ord og bøyingsreglar? Og kvifor skreiv den store humanisten Erasmus av Rotterdam bøkene sine på latin, og med mål om at det skulle likne mest mogleg på måten romaren Cicero skreiv 1500 år før?

Den greske imperiebygginga i antikken gjorde gresk til statsspråk og fellesspråk i landa kring det austlege Middelhavet, og sidan gav Romarriket latinen same stilling i vest. Hellas og Roma gav med sin kunst og litteratur, filosofi og religion, vitskap og statskunst opphav til sentrale delar av sivilisasjonen i vestverda. For studiet av kulturhistoria og den politiske historia i Middelhavsverda, Europa og den vestlege sivilisasjonen er latin og gresk difor uunnverlege. Dette gjeld òg studiet av eldre norsk historie, der mange av kjeldene er på latin.

Samstundes kan latin og gresk sjåast på som dei mest moderne språka i verda, fordi ny terminologi innanfor vitskap og teknologi er henta frå desse. Ord som haptikk, superfluid og aerogel er danna av greske og latinske ordstomnar.

Les meir om bachelorprogrammet i klassisk filologi