Hjem
Click

Kunsthistorie

Frå master i kunsthistorie til verdsarvkoordinator

Sofie Klemetzen tok master i kunsthstorie i 2012, og er i dag verdsarvkoordinator ved Urnes stavkyrkje. Her fortel ho litt om masteroppgåva, om vegen frå studiar til draumejobben, og litt om utfordringane undervegs.

Stillinga mi er nyoppretta, så eg får gleda av å vere med på å stake ut kursen. Læringskurva er bratt, men verdt det!

Kva skreiv du mastergradsoppgåve om?

– Kort fortalt handlar mastergradsoppgåva mi om prinsippa og filosofien som styrer vala vi tar i det praktiske fortidsminnevernet. Ståstaden min er at fortidsminnevern og historieskriving er to sider av same sak, og i det vi vel å forkaste eit fysisk element for å konservere eit anna, har vi på sett og vis laga eit skilje mellom ‘viktig’ og ‘uviktig’ historie.

Eg var interessert i å sjå korleis tendensar i samtida har kome til syne i det praktiske fortidsminnevernet opp gjennom tidene, og gjennom å følgje riksantikvaren sitt arbeid med istandsettinga av Undredal stavkyrkje, ville eg sjå kva for prinsipp som ligg  til grunn i dagens norske fortidsminnevern.

Kvifor valde du å skrive om stavkyrkjer?

– Eg har vakse opp som nabo til den minste – og kanskje mest undervurderte – stavkyrkja vår, Undredal stavkyrkje. Der fekk eg min første jobb som omvisar den sommaren eg var 13 år, og i åra som følgde har eg brukt eit svimlande tal timar på å leite etter spor og teikn i kyrkjekroppen som kunne fortelje noko om samfunnet si sosiale, økonomiske, politiske eller religiøse historie.

Stavkyrkjene våre er fine slik; dei er mellom dei eldste bygningane våre, og dei er reiste i eit materiale som har vore lett å forme i takt med tida.

Kva gjorde du etter at du blei ferdig på UiB?

– Eg gjorde meg heilt ferdig med mastergradsoppgåva mi litt over ein månad før sonen min vart fødd. På mange måtar var det god timing, samstundes som at vegen ut i arbeidslivet etterkvart var vanskeleg. Det kan vere vanskeleg å kome seg inn på arbeidsmarknaden som nyutdanna, og det tok litt tid før eg fekk mitt første jobbintervju.

Eg sendte ut opne søknadar til arbeidsplassar eg var interessert i, også langt utanfor mitt fagfelt, og fekk til slutt napp hos Oscarsgata Mottak, eit asylmottak i Vadsø. Der arbeidde eg fram til eg fekk jobben som verdsarvkoordinator i 2016.

På mottaket fekk eg gleda av å teste ut heilt andre sider ved meg sjølv, og eg fekk innsikter og lærdommar eg vil ta med meg i alt eg gjer vidare i livet.

Korleis fekk du jobben som verdsarvkoordinator?

– Eg vart tipsa om stillinga av eit par vener frå UiB-tida mi, og tok sjansen på å søke. Fortidsminneforeningen var interessert i ein kunsthistorikar med stavkyrkjefokus, og for å være ærleg – det er ikkje ofte eg les det i ein stillingsannonse. Eg førebudde meg godt før jobbeintervjuet. Eg tenkte grundig gjennom kva eg meinte ville styrke verdsarven og lokalmiljøet, og kvifor akkurat eg ønska å vere med på å realisere det.

Kva gjer en verdsarvkoordinator?

– Ein verdsarvkoordinator skal fungere som eit bindeledd mellom forvaltningsmyndigheiter, lokalsamfunn, ulike interessepartar, og andre som lurer på noko i samanheng med verdsarven. Eg skal jobbe for at verdsarvverdiane vert sikra og styrka, og spreie kunnskap om verdsarven Urnes og verdsarvideen. Eg skal jobbe for at verdsarvstatusen skal kome lokalsamfunnet til gode, og så er eg sekretær for det nyoppretta Verdsarvsrådet for Urnes og tilhøyrande område.

Er det draumejobben?

– Ja! Samstundes er det ein utfordrande jobb. Eg får gleda av å arbeide med noko eg bryr meg veldig om, og som eg synest har ein stor verdi. Målet med UNESCO sine verdsarvlister er trass alt verdsfred og internasjonalt samarbeid, og når du blandar stavkyrkjer inn i det heile, er det ingenting å ikkje like. Stillinga mi er nyoppretta, så eg får gleda av å vere med på å stake ut kursen. Det er utruleg gøy, men også ei stor utfordring. Læringskurva er bratt, men verdt det!

Til slutt: Har du nokon råd til noverande UiB-studentar?

– Vi må alle velje vår måte å vere student på, men dersom notids-meg skulle gitt student-meg eit råd, ville det ha vore å vere modigare og kasta meg ut i studentorganisasjonslivet. Elles vil eg rå dykk til å ta godt vare på studievener de jobbar godt i lag med, fordjupe dykk i emne de brenn for, besøke Universitetsmuseet, og å setje pris på synet av paraplyane som tørkar på HF-biblioteket.