Hjem

Nordisk fagdidaktikk

Kontakt

 

Studierettleiar
e-post: studierettleiar@lle.uib.no

Fagdidaktikk i nordisk er knytt til dei etablerte fagdisiplinane i nordistikken - nordisk språk, nordisk  litteratur, norsk som andrespråk og norrøn filologi. I tillegg er fagdidaktikken i slekt med pedagogikken som del av profesjonsfaget i lektorutdanning og PPU. Samtidig utgjer fagdidaktikken eit eige kunnskapsfelt. Forsking og undervisning i fagdidaktikk tek såleis utgangspunkt i konkrete problemstillingar som er heimla i fagleg praksis, meir enn å opptre som "bru" mellom fagkunnskap og pedagogisk teori.   

Fagdidaktikk kan definerast som alle dei refleksjonar ein kan knyte til eit fag og til undervisninga i dette faget, og det er vanleg å dele fagdidaktikken opp i tre emnespørsmål:

1. Kva? (Refleksjon kring kva faget dreier seg om, dvs. kva som er relevant i eit fag.)

2. Kvifor? (Refleksjon kring kva som gjer faget relevant, dvs. kva som legitimerer faget.)

3. Korleis? (Refleksjon kring måten faget kan lærast, undervisast i og vidareutviklast.)

Som nemning i norsk språkbruk kom «fagdidaktikk» i bruk på 1970-talet, og termen var knytt til ei utviding av perspektiva frå fagmetodikken. I dei første tiåra var norsk fagdidaktikk sterkt knytt til den tyske fagdidaktiske tradisjonen med fokus på danningsteori og oppteken av å definere faga sin eigenart. I dei seinare åra har språk- og litteraturdidaktikken meir teke utgangspunkt i konkrete språklege og litterære praksismåtar.

Det fagdidaktiske miljøet ved LLE har eit særleg ansvar for dei ulike lærarutdanningsprogramma i nordisk:

- Lektorutdanning for trinn 8–13
- Eittårig praktisk-pedagogisk utdanning
- Erfaringsbasert master med fordjuping i norsk

Alle lærarutdanningsprogram har obligatoriske studieemne i fagdidaktikk, og desse vert gjevne på 100-nivå, 200-nivå og 300-nivå.

Praksis i lærarutdanninga er kopla til fagdidaktiske emne, og fagdidaktikarane i nordisk har eit ansvar for den faglege oppfølginga av praksis i norskfaget og i norsk som andrespråk. Studentane våre har praksis i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen.  

Materstudentar er velkomne til å skrive ei fagdidaktisk masteroppgåve. Det vil verte gjeve personleg rettleiing undervegs i arbeidet.

Møt oss

Åpen dag 2016

9. mars åpner vi dørene for deg som er interessert i å ta utdanning på universitetet. Møt fagfolk, se campus og få en følelse av hvordan det er å være UiB-student.