Hjem

Nordisk litteratur

film

Studer nordisk språk og litteratur

Studer nordisk språk og litteratur i Bergen – byen med det beste leseværet.

Studer nordisk språk og litteratur i Bergen

Kva har Ibsen å seie til oss menneske av i dag? Er dialektane våre i ferd med å døy ut? Korleis er det for innvandrarar å lære norsk? Korleis høyrdest det ut når vikingane snakka?

Nordisk ber i seg ei mengd ulike tema. Språket og litteraturen er nært knytte til samfunn og kultur, samhandling og samvær, tenking, fantasi og forståing.

På nordisk studerer du både dei nordiske språka og litteraturen som er skriven på dei, og hovudvekta ligg på norsk språk og litteratur. På litteraturstudiet les du tekstar i ulike sjangrar, du lærer om korleis litteraturen vår har utvikla seg gjennom tida, og du får teoretisk kunnskap til eige arbeid med skjønnlitteraturen. På språkstudiet lærer du om korleis språket er bygd opp frå lyd og ord til setning og tekst, du får oversyn over språk og samfunn frå norrøn tid til i dag, og du tileignar deg teoretisk innsikt til å analysere språklege fenomen. På basisnivået av studiet får du litteratur og språk i like mengder, men seinare kan du konsentrere deg om eitt av dei om du ønsker det.

Les meir om bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur