Hjem

Religionsvitenskap

Nyhet

Forskingsbaserte orakelsvar om religion

Religionsvitarar har lansert ein nettstad der dei svarar på alle typar spørsmål om religion.

ro_hva_er_en_religion.png

To stipendiatar sit i ein svart sofa og diskuterer. Biletet er i svart/kvitt.
Stipendiatane Jane Skjoldi og Knut Melvær diskuterte i oktober kva (ein) religion er for noko i eit innlegg for religionsOraklene.
Foto:
Magnus Halsnes

Kva er religion, kan religion bidra til lukke og kva er eigentleg eit orakel?

Dette er nokre av spørsmåla som religionsvitarane ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) svarar på i den nye nettsatsinga religionsOraklene.no. Kvar månad kjem det eit nytt innlegg der ein eller fleire av religionsforskarane konsentrerer seg om eit spørsmål knytt til religion og diskuterer dette både tekstleg og i eit kort videointervju. Nettstaden rettar seg i første omgang mot alle som er interessert i religion, men særskilt mot skuleelevar, noverande og potensielle studentar, lærarar og journalistar.

– ­Vi tar opp alle typar spørsmål, frå dei store til dei små, frå antikkens Hellas til klasseromma i norske skular i dag, fortel Sissel Undheim, førsteamanuensis i religionsvitskap.

Nettstaden vart lansert i september og til no har orakla svart på tre spørsmål. I desember kjem det ein julespesial med professor Dag Øistein Endsjø. Programmet for våren byrjar å bli klart, og ein kan forvente tema om nyreligiøsitet, krig i koranen, buddhisme og vald på nyåret.

ReligionsOraklene er òg meint som ein ressurs for både lærarar og elevar i den vidaregåande skulen og kvart orakelsvar kjem difor med både refleksjonsspørsmål, lenkjer og litteraturtips om temaet som er tatt opp.

 

Fagleg fellesprosjekt

ReligionsOraklene er eit prosjekt som har blitt til i fellesskap i det religionsvitskaplege fagmiljøet. Målet er å gje samfunnet nyansert og forskingsbasert kunnskap om religionar, noko dei alle meiner er viktig.

Professor Michael Stausberg, som nyleg har diskutert om religion bidrar til lukke, fortel at noko av grunnen til at ein har oppretta religionsOraklene var fordi religionsvitarane ved AHKR ynskte å samarbeide om eit formidlingsprosjekt og for å få eit høve til å stille viktige spørsmål om religion som dei kan tenke over og svare på.

– Vi syntes det var kjekt å tenke på ei rekke relevante spørsmål i dialog med kollegaer. For min eigen del såg eg på eit spørsmål eg tykte var interessant og arbeidet med religionsOraklene tvang meg då til å setje meg inn i og fordjupe meg i temaet, noko som til slutt resulterte i ein forskingsartikkel, utdjupar Stausberg.