Språk er ein av dei viktigaste inngangsportane for å forstå andre kulturar. Den utstrekte kommunikasjonen vi har mellom land i verda i dag krev medvit om det særeigne ved kultur, kjenneskap til språk og kunnskap om kva ein bør merka seg når ein kommuniserer på tvers av kulturar.


Fagleg koordinator: Bente Hannsidal
Studierettleiar: Marie L. Ljones
Eksamenskonsulent

Institutt for framandspråk tilbyr saman med Norges Handelshøyskole (NHH) ein treårig fellesgrad i Språk og interkulturell kommunikasjon (SPIK). Studiet gir innsikt i kommunikasjon i ulike situasjonar og mellom ulike grupper, og studentane vel anten engelsk, fransk, italiensk, spansk eller tysk som framandspråk i graden.

Etter fullført bachelorgrad skal studentane kunne kommunisere på eit framandspråk, ha djupare innsikt i utfordringar som ligg i språk- og kulturmøte, og  kunne fungere som språk- og kulturformidlarar i ymse situasjonar. Dersom studentane brukar dei valfrie studiepoenga sine på emne i framandspråket, er dei kvalifiserte til opptak på masterprogrammet i det valde framandspråket.

Bachelorprogram i språk og interkulturell kommunikasjon

Visste du at ...

Ifølge ei undersøking har 55 % av norske leiarar i eksportbedrifter fornærma kundar og 40 % tapt kontraktar som følge av dårlege ferdigheiter i framandspråk.