Hjem

Senter for farmasi

Forskning

Nye potensielle kreftmedisinar frå naturstoff

Samarbeid mellom Senter for Farmasi i Bergen og Farmasøytisk Institutt i Oslo bringer kreftforskningen fremover

Syntesevei

syntesevei

Professor Lars Herfindal si gruppe har saman med professor Pål Rongved ved Farmasøytisk institutt i Oslo utvikla nye variantar av eit naturstoff, som kan ha potensiale i behandling av akutt myelogen leukemi (AML). Det er ph.d.-stipendiat Elvar Ørn Viktorsson og Pål Rongved som har utvikla den kjemiske syntesen av stoffa som aldri tidlegare har vore utført. Herfindal og forskar Reidun Æsøy har vore ansvarleg for å testa den biologiske aktiviteten til dei nye substansane.

Fyrste del av dette prosjektet vart nyleg publisert i tidsskriftet "Bioorganic and Medicinal Chemistry" med forsidebilete frå vårt prosjekt. Vidare arbeid er i gang for å finna den beste varianten, mellom anna ved å testa analogane på primære kreftceller frå AML-pasientar.  

Les artikkelen her.