Nyhet
24.04.2012

Vellukka studietur for kull2011

Sidan farmasistudiet vart oppretta i Bergen i 2003 har førsteårsstudentane kvar vår fått tilbodet om å delta på ein studietur i regi av Senter for farmasi. Studieturen er meint å gje eit innblikk i ulike aspekt ved farmasifaget og profesjonen.

Årets studietur gjekk over tre dagar i København, med besøk på både farmasøytiske bedrifter, farmasiutdanninga ved Københavns Universitet og medisinsk museum. Av 24 studentar på kull2011, deltok 21.

Kort tid etter vi hadde kome til København sentrum, kor hotellet vårt låg, gjekk turen vidare til første bedriftsbesøk – ALK Abello. ALK Abello arbeider med å produsere og utvikle allergivaksinasjon, det vil seie legemiddel som søker å behandle den underliggjande årsaka til allergien. I samband med dette besøket fekk vi både sjå og høyre korleis produksjonen, og ikkje minst forskinga går føre seg på dette området. Vi fekk blant anna ta ein middfarm(!) i nærare augesyn.

Dag 2 gjekk til besøk på School of Pharmaceutical Sciences ved Københavns Universitet. Ein av studentane ved universitetet ga oss ei omvising og ei kort orientering om korleis utdanninga er bygd opp hjå dei. Vidare fekk vi besøke laboratoriet, der bachelorstudentane var travelt opptatt med testing av tablettar, salver og plaster. Det var tydeleg å sjå at utdanninga her var svært galenisk retta, men så er den farmasøytiske industrien mykje større i Danmark samanlikna med Noreg. Vi fekk òg ei eiga omvising på Naturmedicinsk Museum, som ligg inne på universitetsområdet. I tillegg til å stifte nærare kjennskap til tidlegare naturlege vedunderremedium (som bevertestiklar), fekk vi òg innblikk i korleis planter blir nytta, blant anna som medisin, (etnobotanikk) av fjellfolk i fjerne område i Afghanistan.

Siste del av dagen fekk vi gjennom føredrag vite meir om korleis ein går frå idé til legemiddel, blant anna via ulike kjemiske synteser og moderne screening-metodar.

Siste dagen drog vi på enda eit bedriftsbesøk, denne gongen til Novo Nordisk utan for København. Novo Nordisk driv med utvikling og produksjon av hjelpemiddel og legemiddel til behandling av diabetes og blødersjukdommar, samt veksthormonbehandling og hormonbehandling av klimakterieplager hjå kvinner. Fabrikken vi besøkte produserer insulin, og vi fekk ein idé om kor mykje teknologi som må fungere når det gjeld å lage moderne legemiddel.

Studieturen blei avslutta med eit besøk på Medicinsk Museion i sentrum av København. Museet ligg i ein bygning der dei tidlegare utdanna kirurgar. Her har dei utstillingar av alt frå kirurgibenkar (frå den gongen anestesi ikkje eksisterte), til ulike kreative behandlingsapparat av psykisk sjuke. Det sto ganske klart for oss kor mykje medisinen har utvikla seg på kort tid etter dette besøket.

Vi ønskjer å takke studentane for ein fin tur, og håper studietida ser endå meir spanande ut etter dette.

Leiarane av turen; Lone Holst, Trine Pernille Klokkerud, Lillan Mo Andreassen.