Hjem
Senter for farmasi

Vellukka paneldebatt

Full sal, heftig ordskifte og brennande engasjement frå både panel og publikum, avslutta med eit ønskje om betre brubygging mellom apotek og fastlegar for å samarbeide til det beste for pasientane.

Både paneldeltakarane og arrangørane smilte etter vel endt debatt.
Både paneldeltakarane og arrangørane smilte etter vel endt debatt.
Foto/ill.:
Gia Minh Nguyen

Hovedinnhold

Tysdag 11. februar inviterte Farmasøytisk Fagutvalg (FFU) til paneldebatt om helsetenester i apotek. På førsommaren 2013 hausta apoteka mykje kritikk frå ulike representantar i legestanden for det utvida fokuset på helsetenester som  til dømes testing av risiko for hjarte/kar-sjukdom, diabetes, og scanning av føflekkar. Dei hevda at gjennom desse tenestene ville apoteka bidra til auka sjukdomsfokus, medikalisering av befolkninga og ekstraarbeid for legane. Representantar frå apoteka svarte på kritikken ved å peike på at tidlegare oppdaging av potensiell sjukdom vil vere positivt for både pasientar og helsevesenet då ein kan førebyggje livsstilssjukdommar, og redusere eller unngå komplikasjonar og sjukehusinnleggingar.

Fleire av dei som var sentrale i debatten då var no invitert til å delta i panelet på Kvarteret denne kvelden. Frå apoteksida deltok Per Kristian Faksvåg, farmasøyt og fagdirektør i Apotekforeningen; Kjersti W. Garstad, farmasøyt og fagsjef i Boots apotek; og Hanne Andresen, farmasøyt og fagsjef i NMD. Frå legesida deltok Gisle Roksund, fastlege og spesialist i allmenn- og samfunnsmedisin; og Siri Forsmo, lege og professor i samfunnsmedisin ved NTNU. FFU sitt ønskje var at debatten skulle kaste lys over mangfaldet i temaet og bidra til meir kunnskap og forståing for kvarandre sine synspunkt og leggje grunnlag for eit meir heilskapleg samarbeid mellom legar og farmasøytar.

Kommunikasjonsrådgjevar ved MOFA, Marion Solheim, ordleiar for høvet, inviterte kvar av paneldeltakarane til å oppsummere sitt syn i saka for den nær fulle salen, kor både farmasistudentar, medisinstudentar, farmasøytar og anna apotekpersonale hadde samla seg. Deretter fekk panelet ein halvtime til å svare på Marion og kvarandre sine spørsmål og kommentarar. Etter ein kort pause fekk salen hive seg med i ordskiftet. Og det mangla ikkje på engasjerte tilhøyrarar. Innimellom skuldingar om «bukken og havresekken», «villscreening», «profittjakt» og «på grunn av dykk må vi trøyste pasientane etterpå» (frå begge sider av bordet), var det òg rom for historier om godt samarbeid, verdsetting av kvarandre si kompetanse og forslag til korleis ein saman kunne handtere dei felles utfordringane helsevesenet står overfor. Debatten blei avslutta med latter og applaus, og ønskjet til arrangørane om eit meir heilskapleg samarbeid mellom dei to yrkesgruppene fekk gjerne grobotn hjå fleire denne kvelden?