Hjem
Senter for farmasi

Farmasistudentar på trykk i NFT

Tre av masterstudentane i farmasi står på trykk i nyaste utgåve av Norsk Farmaceutisk Tidsskrift (12/2012). Elisabet Størset med "Individuell dosering av takrolimus til nyretransplanterte pasienter basert på populasjonsfarmakokinetiske doseringsmodeller", og Sara Volstad og Torill Kleppe med "Pasientsikkerhet i et skandinavisk perspektiv".

Foto/ill.:
Lillan Mo Andreassen

Hovedinnhold

Elisabet Størset sin artikkel er basert på masteroppgåva hennar, som ho nyleg avslutta. Takrolimus er eit immundempande legemiddel med smalt terapeutisk vindauge, og doseringsbehovet er ulikt frå pasient til pasient og kan også endrast over tid for same pasient. Ein har framleis ikkje kome fram til noko god forklaring på kvifor det er slik. Det er derfor ønskjeleg å kunne utvikle gode og effektive doseringsmodellar, kor ein unngår prøving og feiling hjå desse utsette pasientane. Elisabet har vore med på å undersøke korleis ein slik doseringsmodell kan betrast.

Sara Volstad og Torill Kleppe deltok i august 2012 på "Nordic Summer School - Patientsikkerhed" ved Aalborg Universitet i Danmark. Dei skriv om erfaringane sine frå kurset. Kurset blei arrangert for aller første gong i år, og blei tilbode studentar innanfor helsefag for å skape større interesse og medvit om pasienttryggleik og kvalitetssikring. Dei blei blant anna sett fokus på pasienterfaringar, implementering av "tryggleikspakkar", kommunikasjon, temarbeid og utvikling av ein god tryggleikskultur.

Forfattarane skriv det best sjølve, og dette er berre ei kort oppsummering av innhaldet. Vil du vite kva Elisabet fann ut, eller lese meir inspirerande tankar frå Sara og Torill bør du ta ein kikk i Norsk Farmaceutisk Tidsskrift (12/2012). (Dessverre ikkje tilgjengeleg på nett).