Om farmasøytmangel på Vestlandsrevyen
Stengde apotek som følgje av farmasøytmangel nådde TV-skjermane 16. januar 2013. I samband med dette blei førsteamanuensis Lone Holst intervjua om utfordringane ved ei eventuell auking av studieplassar i Bergen.
Vestlandsrevyen følgjer opp NRK-saka frå romjula, som fortalte at fleire apotek på Vestlandet måtte halde stengt grunna farmasøytmangel. Senter for farmasi har hatt høgt søkertal, og ønskjer å kunne auke talet på studieplassar i Bergen.
- Vi kunne fint ha auka opptaket frå 24 til 35 studentar i Bergen, informerer Lone Holst. Farmasiutdanninga er derimot ikkje gratis, det er spesielt laboratorieutstyr og kompetent personell til å undervise som kostar pengar. Eit krav om midlar til å kunne auke talet på studieplassar skal no sendast til Kunnskapsdepartementet. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen viser til at auking av studieplassar og korleis desse skal fordelast er noko som må takast stilling til i budsjettrundane til regjeringa.
Førsteamanuensis Lone Holst (Skjermdump frå nrk.no)
Sist endret: 17.1.2013
Nyheter fra Senter for farmasi
- Blåtur 2013 (25.06.2013)
- Aase Merethe Raddum har disputert (11.06.2013)
- På Høyden skriv om TVEPS (22.02.2013)
- Tryggare legemiddelbruk (16.05.2011)
- NFS' Mentorprogram 2012 (22.05.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Nordisk konferanse i samfunnsfarmasi - NSPC 2013 (19.06.2013)
- Aase Merethe Raddum har disputert (11.06.2013)
- Forskningsgruppe G4 (10.06.2013)
- Om forskerskolen (15.04.2013)
- Styret og kontaktinformasjon (15.04.2013)
- Farmasi