Hjem
Akvatisk atferdsøkologi

Hovedinnhold

Dyr har gjennom evolusjonen utvikla atferd som tillet dei å veksa, overleva og reprodusera, alle under restriksjonar bestemt av miljøet rundt og av fysiologien til dyret. I akvatiske miljø vil atferd variere frå automatisk respons til ytre stimuli, til læring og til samarbeid mellom dyr.

Akvatisk Atferdsøkologigruppa studerer atferdstilpassingar i marine og ferskvass- parasittar, zooplankton og fisk, samt konsekvens av tilpassingar for økosystem, forvalting og akvakultur. Ved å kombinere feltstudiar, laboratorieeksperiment og modellering studerer vi korleis organismane responderer på miljøet (t.d. oksygenmangel, temperaturvariasjon), finn mat, unngår predasjon og finn make.

Vi er sterkt knytta til forskargruppene innan Modellering, Evolusjonær kologi, Fiskebiologi, Økologi og Reproduksjon, Marin Biodiversitet og Anvendt Industriell Biologi, og vi har internasjonale og nasjonale samarbeidspartnerar gjennom NFR, Norge-Sør Afrika samarbeid, EU og NORFA.


For more information, see our English page